Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Tidleg slått krev mykje areal i geitehaldet

Tips en venn Skriv ut

Tidleg slått og ofte hausting av graset krev rikeleg tilgang på billige areal for å vere meir lønnsam enn eit normalt slåttesystem med to slåttar på seinare utviklingstrinn. Det til trass for at tre-slåttsystem gir både meir mjølk per geit og høgare mjølkepris.

Foto: Stock.xchng

I geitehaldet må tilgangen på dyrka mark vere svært rikelig før tre-slåttsystem, med førsteslått før graset er i byrjande skyting, kjem betre ut økonomisk enn eit normalt slåttesystem med to slåttar og førsteslått ved full skyting. Det viser ein ny tverrfagleg studie utført av forskarar ved NILF, Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap på Ås og Bioforsk.

Studien vurderte korleis ulike slåttesystem for eng til surfôr påverka økonomi og produksjonsintensitet, særlig innsats av gjødsel og kraftfôr, i geitemjølkproduksjonen i norske fjellbygder. Produksjonstilpassing og økonomi vart vurdert for eit bruk med plass til eit visst tal geiter, men der tilgangen på dyrka mark og mjølkekvote kunne variere.

Ingen slåttesystem var alltid best. Tilgang på dyrka mark samanhalde med mjølkekvote og fjøsplass påverka forbruk av gjødsel og kraftfôr og kva for slåttesystem som lønte seg best.
Ved liten til meir enn middels arealtilgang kom det dominerande to-slåttsystemet best ut økonomisk. Tre-slåttsystem hadde føremonar som meir mjølk per geit og høgare mjølkepris (auka tørrstoffinnhald i mjølka). Men det veide ikkje opp for ei mindre haldbar eng, lågare fôravlingar og større opptak av grovfôr hjå geitene, som ga veksande fôrknapphet og auka grovfôrkostnader. Forbruket av gjødsel og kraftfôr vart størst i tre-slåttsystem. Dersom mjølkekvoten vart større, var det gjennom to-slåttsystem innteninga kunne auke. Tre-slåttsystem hadde allereie i utgangspunktet vanskar med å fylle kvoten, og kunne ikkje dra nytte av ein større kvote.

Rikeleg tilgang på billig areal måtte til for at tre-slåttsystem skulle gjere det betre enn to-slåttsystemet. Innsats av gjødsel (per dekar) og kraftfôr (per geit) gjekk ned etter kvart som tilgangen på grovfôrareal auka.
Studien bygger på data frå engforsøk og fôringsforsøk med mjølkegeiter. Desse vart lagt inn i ein gardsmodell av eit geitebruk. Modellen rekna ut dei mest lønsame driftsopplegga og samanlikna fortenesta i ulike slåttesystem.

Artikkelen «The profitability of early grass silage harvesting on dairy goat farms in mountainous areas of Norway» er publisert i Small Ruminant Research . Arbeidet er ein del av prosjektet «Mer og bedre grovfôr som basis for norsk kjøtt- og mjølkeproduksjon», finansiert av Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, forskingsmiddel over jordbruksavtalen, TINE, Felleskjøpet Fôrutvikling, Animalia, Yara Norge og Addcon Nordic. Prosjektet har hatt som hovudmål å finne ut korleis ein med godt økonomisk utbyte kan nytte grovfôr med høg potensiell næringsverdi i kjøt- og mjølkeproduksjonen utan at det går utover dyras helse og velferd og viktige miljømål for norsk landbruksproduksjon.
 

For meir detaljerte opplysingar, kontakt Ola Flaten

Sjå og oversikt over andre forsidesaker 

Publisert 27.03.2012