Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Jordbruket i Agder: auka verdiskaping, nedgang i sysselsetting

Tips en venn Skriv ut

Verdiskapinga frå jordbruket i Agder er rekna til 358,7 mill. kr i 2009. Det er ein auke på 27 mill. kr frå 2006. Samstundes er jordbruksareal og produksjonsomfang redusert i dei to Agder-fylka. Sysselsettinga i jordbruket er redusert med 369 årsverk i same perioden.

Den totale verdiskapinga for jordbruket i Agder er berekna til 358,7 mill. kr i 2009. Det er ein auke på 27 mill. kr frå 2006. For Aust-Agder har verdiskapinga auka med 7,4 mill. kr til 142,5 mill. kr, og for Vest-Agder med 19,6 mill. kr til 216,2 mill. kr. Verdiskaping er her definert som nettoprodukt inkl. tilskot. Nettoproduktet er betaling for arbeidsinnsats og forrenting av investert kapital.

I 2008 berekna NILF verdiskaping frå jordbruk og tilleggsnæringar i Agder-fylka på bakgrunn av data frå 2006. Desse berekningane er nå oppdaterte basert på data frå 2009. Verdiskapingsberekningane er basert på produksjonsdata henta frå produksjons-tilskotsregisteret og økonomidata frå driftsgranskingane. Verdiskapinga frå jordbruket vil derfor både verte påverka av produksjonsomfanget i kvar enkelt kommune og av det økonomiske resultatet for jordbruket det året som er utgangspunkt for berekningane. I 2006 oppnådde bruka i Agder eit relativt dårleg økonomisk resultat samanlikna både med 2005 og åra 2007–2009. Dette må ein ta omsyn til ved samanlikning av verdiskaping frå jordbruket for 2006 og 2009.
Det har vore nedgang i produksjonsomfang for dei fleste produksjonane i Agder. Eit unntak er bruk med ammeku og tal ammekyr, som har auka i begge fylka. Tal bruk med fjørfehald har gått ned i begge fylka, men produksjonsomfanget har auka i Aust-Agder.

Mjølkeproduksjon står for 46 prosent av verdiskapinga i Agder, med 163,7 mill. kr. Hagebruk bidreg med 21 prosent og sauehald med 14 prosent. Kraftfôrkrevjande produksjonar, svinehald, eggproduksjon og fjørfekjøt er små i Agder, og bidreg til saman berre med 8 prosent av verdiskapinga, det same som kjøtproduksjon på kjøtfe (ammeku). Sauehaldet er viktig for verdiskapinga i innlandskommunane, medan hagebruk er viktigast for kystkommunane i Aust-Agder, særleg i Grimstad.
I alt er det rekna at det er utført 1 618 årsverk à 1845 timar, eller om lag 3 mill. arbeidstimar, i jordbruket i Agder i 2009. Det er ein nedgang frå 2006 på 369 årsverk. Det er utført 996 årsverk i Vest-Agder og 622 i Aust-Agder.

Tilleggsnæring er viktig for landbruket i Agder. Verdiskaping frå tilleggsnæring er berekna til 70 mill. kr i Aust-Agder og 110 mill. kr i Vest-Agder i 2009. Foredling av skog, særleg vedproduksjon, gjev høgast verdiskaping blant tilleggsnæringane med 61,5 mill. kr.

Det er i alt registrert 13 000 landbrukseigedomar i Agder. Talet på landbrukseigedomar endrar seg lite frå år til år, medan talet aktive bønder går ned. I 2006 var det 1 910 som søkte om produksjonstilskot i dei to fylka. Tre år seinare, i 2009, var talet søkjarar redusert med 19 i Aust-Agder og 22 i Vest-Agder. Totalt var det 1 869 som søkte tilskot i dei to fylka i 2009, 701 i Aust-Agder og 1 168 i Vest-Agder.

Frå 2006 til 2009 er jordbruksarealet gått ned med 0,4 prosent i Aust-Agder og 0,8 prosent i Vest-Agder. Totalt jordbruksareal i drift var 303 641 dekar i Agder-fylka i 2009. Gjennomsnittleg jordbruksareal per eining har auka frå 155,8 dekar til 159,4 dekar i Aust-Agder og frå 162,5 dekar til 164,3 dekar i Vest-Agder.
 

Les heile notatet Verdiskaping i jordbruket i Aust- og Vest-Agder.

For meir informasjon, ta kontakt med Heidi Knutsen.

 

Sjå og oversikt over andre forsidesaker.

 

Publisert 12.01.2012