Aktuelle tema
Kalender
Dei beste på sau held kostnadene nede
Tips en venn Skriv utBrukarar med høge maskinkostnader har jamt over låg lønsemd, og dei blir ikkje best på sau. Det er eit funn i ein ny studie kor forskarar har sett på kva faktorar som medverkar til skilnader i lønsemd mellom bruk med sauehald, og kva brukarane sjølve kan gjere for å betre drift og økonomi.

Dersom ein rangerte etter familiens arbeidsforteneste per vinterfôra sau (v.f.s.), oppnådde dei beste i gjennomsnitt 1320 kr per v.f.s., medan dei svakaste låg på -180 kr per v.f.s. Altså, skilnaden mellom beste og svakaste tredel var 1500 kr per v.f.s.
Rapporten trekker fram låge faste kostnader og effektiv bruk av arbeidskrafta som mye viktigare enn høg kjøtproduksjon per v.f.s. for å oppnå god lønsemd i sauehaldet. Av dei faste faktorane hadde maskinkostnader mest å seie for skilnadene i lønsemd. Auka kjøtproduksjon betra arbeidsfortenesta per v.f.s., men arbeidsinnsatsen vart òg større, og timefortenesta vart ikkje vesentleg høgare hos dei med høg kjøtproduksjon.
Bruk med høg arbeidsforteneste hadde i gjennomsnitt større buskaper enn andre, men berre ein mindre del av variasjonen i lønsemd skuldast buskapsstorleiken. Dei med best lønsemd arbeidde mindre utanfor bruket. Nettoinntekt til hushaldet vart derimot lite påverka av lønsemda i jordbruket, og bruksomfanget hadde lite eller ingen ting å seie for nettoinntekta.
Dei aller fleste, uavhengig av lønsemd, treivst svært godt som sauebonde. Det var meir misnøye med lønsemd og tid til ferie og fritid. Dei med lågast timeforteneste var mest utilfredse med lønsemda, men dei var ikkje meir tilbøyelege enn andre til å slutte med sauehald. Uavhengig av lønsemd var ikkje-økonomiske mål med gardsdrifta viktigare enn dei økonomiske. Forskarane fann ingen samanhengar mellom utdanning, bakgrunn, kompetanse, nettverk og fagmiljø på den eine sida og lønsemd på den andre. Brukarar med låg lønsemd stolte derimot mest på råd frå maskin- og bygningsbransjen.
Data vart henta frå 72 deltakarbruk i NILF sine driftsgranskingar i jord- og skogbruk. Desse hadde sauehald som hovedproduksjon i jordbruket og ein nytta gjennomsnittstal frå dei tre åra 2007-2009. Rapporten bygger òg på ei spørjeundersøking blant deltakarbruk i driftsgranskingane.
Resultat frå studien er publisert i rapporten «Best på sau - faktorer som påvirker økonomisk resultat i saueholdet». Rapporten er eit samarbeid med NILF og Nordlandsforskning og er ein del av eit prosjekt finansiert av Utviklingsprogrammet for småfenæring med meir i Fjellregionen. Dessutan har ein fått delfinansiering frå Noregs forskingsråd gjennom NILF sitt strategiske program Produktivitet og konkurranseevne i jordbruket (PROCOM).
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Ola Flaten.
Sjå oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 20.01.2012
