Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Variasjon i resultata mellom landsdelane

Tips en venn Skriv ut

Foto: stock.xchng

Jordbruksinntektene auka med 8 %, eller om lag 16 400 til kr 227 400 per årsverk frå 2009 til 2010. Viktige årsaker til auken var betre kornavlingar, høgare pris på mjølk, auka tilskot og auka produktivitet. Avlingsauke korn var årsak til inntektsauke på kornbruka. Det var stor variasjon både mellom ulike grupper av produsentar og innan like grupper. Dette er eit av resultata frå dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 835 bruk fordelt over heile landet.

 

Lønsomheten for gårdsbruk i Nord-Noreg auka betydeleg i 2010

Gjennomsnittleg jordbruksinntekt i Nord-Norge, målt som vederlag til alt arbeid og egenkapital, var kr 245 700 per årsverk i 2010. Dette er ei auke på kr 14 800, eller 6 %. Dette går fram av den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Les meir om resultata for Nord-Noreg

 

Svakt resultat for landbruksnæringa i Trøndelag i 2010

Ser ein trønderbøndene under ett, hadde dei i gjennomsnitt 223 500 kroner per årsverk som vederlag til alt arbeid og eigenkapital i 2010. Dette er ei auke på 400 kroner samanlikna med 2009. Resultata varierar mykje mellom ulike driftsformar. Dette framgårav den årlige reknskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Les meir om resultata for Trøndelag

 

Jordbruksinntekta på Østlandet steig med 20 % i 2010

Jordbruksinntekta i austlandsfylkene var i gjennomsnitt kr 226 000 i 2010. Dette er heile 20 % meir enn året før. Alle brukstypa hadde eit betra resultat samanlikna med 2009. Dette framgår av den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). 313 bruk frå austlandet deltok i undersøkinga.

Les meir om resultata for Austlandet

 

Nedgang i jordbruksinntekta for jærbøndene

Jordbruksinntekta til jærbøndene har gått noko ned dei siste to åra, men Jæren er framleis den regionen i landet med høgast jordbruksinntekt. Frå 2009 til 2010 gjekk jordbruksinntekta ned med åtte prosent og var kr 259 900 per årsverk. I resten av Agder og Rogaland auka jordbruksinntekta ned med 1 prosent frå 2009 til 2010, til kr 221 900 per årsverk. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Les meir om resultata for Rogaland og Agder

 

Inntektsvekst og gjeldsauke for vestlandsbonden i 2010

På Vestlandet var det bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald som hadde størst auke i jordbruksinntekta i 2010. I gjennomsnitt auka jordbruksinntekta med 8 % for vestlandsbonden, medan bruka med mjølk og svinehald fekk auka jordbruksinntekta si med 30 %. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Les meir om resultata for Vestlandet

 

Les meir om resultata for heile landet.

 

Publisert 15.12.2011