Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Treng både «mjuke» og «harde» tilnærmingar til handelsrestriksjonar på sjømatområdet

Tips en venn Skriv ut

Ein ny NILF-rapport ser på korleis handelsrestriksjonane står i høve til internasjonalt regelverk og korleis styresmaktene konkret har arbeidd med å fjerne restriksjonane og forenkle handelen.

Foto: SXC

NILF-rapporten Sjømat og handelsrestriksjoner. Metoder for å forenkle handelen inneheld fire case-studiar: Sør-Koreas forbod mot import av fiskehovud, EUs straffetoll på norsk laks, Russlands restriksjonar på import av laks og aure, og EUs nye krav til fangstsertifikat ved import av sjømat. Med utgangspunkt i dei fire case-studiane ser forfattarane på korleis handelsrestriksjonane står i høve til internasjonalt regelverk og på korleis styresmaktene konkret har arbeidd med å fjerne restriksjonane og forenkle handelen. Rapporten viser korleis eit sett av ulike metodar og verkemiddel kan brukast for å forenkle handelen og påpeikar viktige moment som er sentrale når styresmaktene skal prøve å fjerne restriksjonar som har betydning for norsk sjømateksport. Forfattarane peikar spesielt på kor viktig det er å kombinere såkalla «harde tilnærmingar» (som tvisteløysing og konfrontasjon) og «mjuke tilnærmingar» (som dialog og samarbeid) i dei handelspolitiske strategiane.

Prosjektet er finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet. Rapporten er skriven av Frode Veggeland og Ellen Henrikke Aalerud.

Les heile rapporten Sjømat og handelsrestriksjoner. Metoder for å forenkle handelen.

For mer detaljerte opplysninger, kontakt Frode Veggeland.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 16.02.2011