Aktuelle tema
Totalproduktiviteten i norsk jordbruk auka med 37 prosent sidan 1990
Tips en venn Skriv utTotalproduktiviteten i norsk jordbruk auka med 37 prosent frå 1990 til 2009, eller 1,65 prosent per år. Dette kjem fram i eit nyleg publisert notat som er del av eit større prosjekt om produktivitet og konkurranseevne i jordbruket. Totalproduktiviteten tek omsyn til utvikling i produktmengder og alle innsatsfaktorar (arbeid, kapital og ikkje-varige innsatsfaktorar).

Produktivitetsmåling
Produktivitet er eit uttrykk for produsert mengde i høve til ressursbruk i produksjonen. Produktivitetsframgang vil seie at ein nyttar mindre ressursar per produkteining. Dette kan ein oppnå ved mellom anna å produsere meir ved ein gitt innsats av ressursar eller ved å produsere like mykje som før, men med mindre ressursinnsats.
Produktivitet kan målast på mange måtar. Avling per dekar, avdrått per dyr eller produktmengde per arbeidstime er enkle mål på produktivitet. Ei ulempe ved slike enkle mål er at dei berre tek omsyn til ein faktor mens det kan vere nytta mange andre ressursar i produksjonen. Sett i eit historisk perspektiv har maskinar og anna teknisk utstyr i stor grad erstatta arbeidskraft. Dette har ført til stor auke i arbeidsproduktivitet, men den totale ressursinnsatsen har minka mindre enn arbeidsinnsatsen.
Mange gardsbruk produserer meir enn eitt produkt, og det er ikkje alltid lett å fordele innsatsfaktorane på dei enkelte produkta. Dette blir enda vanskelegare når ein ser på heile jordbruket under eitt. Det er difor vanleg å vege saman alle produkta til eit felles mål og sjå dette i høve til ein eller fleire innsatsfaktorar.
Det er fleire produktivitetsmål som tek omsyn til fleire faktorar. Ein måte er å summere verdien av alle produkt og dividere på verdien av alle innsatsfaktorar. Eit anna mykje brukt mål får ein ved å trekkje verdien av alle innsatsfaktorar utanom arbeid og kapital frå produktverdien, og så dividere dette på anten arbeidsinnsats eller summen av arbeids- og kapitalinnsats. Produksjonsverdi minus verdien av andre innsatsfaktorar enn arbeid og kapital, er kalla bruttoprodukt.
Produktivitetsutvikling for jordbruket 1990-2009
I eit nyleg publisert notat har vi sett på produktivitetsutviklinga i norsk jordbruk for perioden 1990-2009. Data er henta frå Totalkalkylen for jordbruket som Budsjettnemnda for jordbruket utarbeider. Alle verdiar er i 2008-prisar.
Den totale produktmengda har vore om lag den same i heile perioden (figur 1). Også innsatsen av ikkje-varige innsatsfaktorar (Ikkje-varige IF) har endra seg relativt lite, men har gått litt ned dei siste åra. Denne gruppa omfattar alle kostnader så nær som arbeid og kapital (renter og kapitalslit). Arbeids- og kapitalinnsatsen minka om lag like mykje fram til rundt år 2000, målt i prosent. Deretter har kapitalinnsatsen vore nokolunde stabil, mens arbeidsinnsatsen har minka heile tida. Totalt minka arbeidsinnsatsen meir enn 40 prosent i perioden.
Når ein dividerer indeksen for produksjonsverdi på indeksen for alle innsatsfaktorar finn ein den indeksen for total faktorproduktivitet som er vist i figur 2. Produktiviteten i norsk jordbruk, målt på denne måten, har auka med om lag 1,65 prosent per år frå 1990 til 2009. Dette er på høgde med det som er funne for mellom anna jordbruket i USA.
Produktivitetsveksten etter 1990 har i stor grad samanheng med at ein har brukt stadig mindre ressursar, spesielt arbeidskraft, på å produsere ei nokolunde konstant produktmengde. I dette notatet har vi ikkje sett på produktivitetsutviklinga i dei enkelte produksjonane eller i regionar.


Les også notatet Produktivitetsutvikling i norsk jordbruk 1990-2009. Analyse basert på jordbrukets totalrekneskap.
For mer detaljerte opplysninger, kontakt Agnar Hegrenes.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 10.02.2011
