Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Større variasjon mellom verksemder enn over tid for ei verksemd

Tips en venn Skriv ut

Foto: iStockphoto

For både avlingar, økonomiske resultat og prisar var det større variasjon mellom verksemder enn frå år til år innan same verksemd. Det viser ein ny studie der forskarar har undersøkt rekneskapsdata for verksemder innan jordbruk og lakseoppdrett.

I ein ny studie har Ola Flaten, Gudbrand Lien og Ragnar Tveterås undersøkt kor stor variasjonen har vore i avlingar, prisar og økonomiske resultat i jordbruk og lakseoppdrett innan og mellom norske verksemder over ein rekkje år.
Særleg for avlingar og økonomiske resultat, men òg for prisar, var det større variasjon mellom verksemder enn for variasjon over tid for ei verksemd. Dette tyder på at avlingar, prisar og økonomiske resultat vart sterkt påverka av vedvarande forhold som natur- og driftsvilkår og ikkje minst kor dyktig driftsleiaren var. Antakelig finst det eit ikkje utnytta potensial når det gjeld driftsleiing, både i lakseoppdrett og jordbruk.

Avlingsvariasjonen mellom verksemder var størst for lakseoppdrett og grovfôr, medan potet hadde ein mykje større prisvariasjon enn andre produkt. I jordbruket var variasjonen i økonomisk resultat særleg stor mellom einsidige kornbruk, kanskje fordi korndyrkinga i større grad blir påverka av gunstige jord- og klimavilkår for å kunne gjere det godt økonomisk.

Studien viste høgare år til år variasjon innan verksemder i produksjon, prisar og økonomisk resultat i lakseoppdrett enn i jordbruksproduksjonar, med unnatak av ein større prisvariasjon for potet enn for laks. I jordbruket var avlingsvariasjonen større for planteproduksjonar og sauekjøt enn for mjølk og svinekjøt. Økonomisk resultat varierte mindre mellom år på mjølke- og sauebruk enn i driftsformer med planteproduksjon.

Gjennomsnittleg kapitalavkastning var høgast i lakseoppdrett med 9,6 % p.a. Alle driftsformer i jordbruket synte negativ kapitalavkastning med sauehaldet på botn. Sjølv om lakseoppdrett hadde størst variasjon i lønnsemd mellom år, var dei svakaste åra i lakseoppdrett likevel betre enn dei svakaste i undersøkte driftsformer i jordbruket.

I arbeidet vart statistiske analyser nytta for å spalte opp variasjonen i respektive avlingar, prisar og økonomisk resultat i ein komponent med variasjon over tid innan bruk og ein annan med variasjon mellom bruk. Dette fordi jordbruk og havbruk er prega av risiko. Biologiske forhold som svingande vêr, skadedyr og sjukdommar påverkar produksjonen, som seinare kan gje prisvariasjonar, men alle blir ikkje ramma likt. Det vart justert for geografisk lokalisering, størrelse på produksjonen og trendar. Trendanalysene viste mellom anna stagnasjon i avlingar for alle undersøkte kornartar, medan produksjonen av laks (i kg per mærevolum) har auka sterkt.

Data over fleire år var henta frå NILF sine driftsgranskingar i jord- og skogbruk og Fiskeridirektoratets lønnsemdstudiar av lakseoppdrett.

Artikkelen «A comparative study of risk exposure in agriculture and aquaculture» er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Food Economics. Arbeidet er ein del av det strategiske programmet Produktivitet og konkurranseevne i jordbruket (PROCOM) som er finansiert av Noregs forskingsråd.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Ola Flaten.

Sjå oversikt over andre andre forsidesaker.

 

Publisert 23.11.2011