Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Stor auke i nettoinvesteringar på Jæren

Tips en venn Skriv ut

Resultata for driftsgranskingane 2009 for Agder-fylka og Rogaland viser at nettoinvesteringane til bøndene frå Jæren auka med 53 % frå 2008 til 2009. Bøndene på Jæren hadde framleis det høgaste inntektsnivået i 2009, som dei også hadde i 2007 og 2008, men inntektsnivået gjekk noko ned frå 2008 til 2009.

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking med over 900 bruk frå heile landet. Det var 52 bruk frå Agder-fylka og 76 bruk frå Rogaland som var med i driftsgranskingane i 2009. Dei 128 bruka er delt på to regionar; Jæren (48 bruk) og Agder og Rogaland andre bygder (80 bruk).

Nettoinvesteringane i jordbruket, dvs. bruttoinvesteringar minus avskrivingar og sal/tilskot, var størst på Jæren i 2009 med kr 271 000 per bruk. Dette var ein auke på 53 % frå 2008. Andre bygder hadde i middel kr 144 000 i nettoinvesteringar. Middelet for landet var kr 137 000 per bruk. Brukarfamilien si totale gjeld auka på Jæren med 10 % til kr 3 250 000 per bruk. I dei andre bygdene i Agder og Rogaland var gjennomsnittleg gjeld på kr 2 328 000 per bruk i 2009. Middelet i Noreg var kr 1 871 000 per bruk. Gjeldsprosenten var også høgare på Jæren og «andre bygder» enn i landet totalt. Jæren hadde den høgaste gjeldsprosenten med 57 % i 2009, noko som var 4 prosentpoeng høgare enn i 2008.

Driftsoverskotet i jordbruket på Jæren var i middel kr 505 000 per bruk medan «andre bygder» hadde kr 315 000 per bruk. I Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder var driftsoverskotet i jordbruket høvesvis kr 447 000, 228 000 og 373 000 per bruk. Nedgangen var størst i Vest-Agder med heile 15,6 % frå 2008 til 2009.

Jordbruksinntekta, rekna som vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk, var størst på Jæren med kr 281 000. Andre bygder hadde kr 218 000 i jordbruksinntekt. Utviklinga i jordbruksinntekt var ulik for dei to regionane frå 2008 til 2009, med ein nedgang for Jæren på 1,6 % og ein auke for «andre bygder» på 4,1 %.

Bruka med mjølkeproduksjon kombinert med svinehald på Jæren oppnådde best resultat i 2009 med 409 000 per årsverk. Jordbruksinntekta for mjølkebruka på Jæren ble 284 000 per årsverk, medan mjølkebruka i «andre bygder» ble 174 000 per årsverk. Bruka med mjølkeproduksjon og sau i «andre bygder» fekk ei jordbruksinntekt på 254 000 per årsverk.

Verknaden av jordbruksfrådraget varierer noko mellom dei to regionane. I middel for driftsgranskingsbruk i «andre bygder» vart inntektsverknaden av jordbruksfrådraget kr 27 000 per årsverk for 2009. Tilsvarande tal for Jæren vart kr 24 700 per årsverk.

Les heile notatet Økonomien i jordbruket i Agder-fylka og Rogaland 2009. Trendar og økonomisk utvikling 2000-2009. Tabellsamling 2005-2009.

NILFs Driftsgranskingar i jordbruket er en årleg statistikk basert på regnskap og opplysningar frå tilfeldig utvalgde gardsbruk i heile landet.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 08.04.2011