Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Sterke verkemedel må til for å auke biogassproduksjonen frå husdyrgjødsel

Tips en venn Skriv ut

Produksjon og bruk av biogass var eitt av klimatiltaka som det vart peika på i St.meld. nr. 39, og regjeringa sette seg da som mål at 30 % av husdyrgjødsla innan 2020 skulle brukast til å produsera biogass. Mykje tydar på at økonomien i biogassproduksjon på grunnlag av husdyrgjødsel er så svak at produksjonen ikkje vil auka noko vesentleg utan forbetringar i rammevilkåra. Gjennom verkemedel som produksjonsstøtte, investeringsstøtte og støtte til FoU, og eventuelt tilskot til levering av husdyrgjødsel, kan ein stimulera heile verdikjeda for biogass slik at produksjonen kan auka mykje.

Biogassanlegget på Tomb Videregåande skule gjenvinn husdyrgjødsel og matavfall. Foto: Tomb VGS

Manglande føretaksøkonomisk lønnsemd er truleg den viktigaste barrieren for biogass frå husdyrgjødsel, og Klima- og forureiningsdirektoratet har funne at dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved biogassproduksjon er langt høgare enn det som var kjend da St.meld. nr. 39 vart lagt fram.

Produksjon av biogass, og særleg biogass frå husdyrgjødsel, er langt dyrare enn produksjon av annan energi, og for å fremme produksjonen av biogass, må det setjast inn målretta verkemedel. Erfaringar viser at biogassproduksjonen har auka mykje i fleire land som har innført ordningar med innmatingstariffar. Andre verkemedel som elsertifikat, investeringsstøtte og verkemedel innan skattar og avgifter er òg vanleg.

Verdikjeda for biogass er lite utvikla, og for at produksjonen og bruken av biogass skal auka vesentleg, må det setjast inn effektive verkemedel for å stimulera dei ulike delane av verdikjeda. Eit verkemedel retta direkte mot produksjonsleddet, i form av ei produksjonsstøtte, vil vera effektivt for å auka produksjonen. Tilskot til levering av husdyrgjødsel kan óg vera eit aktuelt virkemiddel viss ikkje produksjonsstøtte fører til at det blir gunstig nok for husdyrprodusentane å levera husdyrgjødsel til biogassproduksjon. Investeringsstøtte til ulike delar av verdikjeda er viktig for å senka produksjonskostnadene. Det er truleg mykje å henta på å utvikla effektiviteten i biogassproduksjon, og det bør difor gjevast støtte til forsking og utvikling (FoU).
 

Les heile notatet Biogassproduksjon på basis av husdyrgjødsel – rammebetingelser, økonomi og virkemidler.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Knut Krokann.

Sjå også oversikt over andre framsidesaker.