Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

«Skal vi nå produksjonsmåla, bør gulrøtene produserast i Nord Noreg.»

Tips en venn Skriv ut

Den komande meldinga til Stortinget om landbrukspolitikken kan skapa ny merksemd om produksjonsmåla. Eit intervju med pensjonist Svein Robbestad gjev eit mogeleg relevant glimt frå landbruksforskinga på 1960-talet.

Svein Robbestad begynte ved Norsk landbruksøkonomisk institutt, NLI, i 1961 og arbeidde til utpå 1990-talet, samla nær førti år i NILF og forgjengaren til NILF. Eg fekk høve til å snakke med han i Bergen 16. september 2011.

Svein sin oppgåve var i første hand i å arbeide med ein totalmodell for landbruket. Modellen viste bl.a. at det var gunstig å dyrke gulrøter i Nord-Noreg. Svein Robbestad trur ikkje modellen fekk nokon stor konsekvens.

Poenget var å lokalisere ulike produksjonar ut frå eit mål om lågast moglege kostnadar i produksjonen, altså ein kostnadsminimalisering med gitte krav til minste volum av ulike produksjonar. Ein nytta lineær programmering og fleire modellar for å sjå ulike løysingar opp mot kvarandre. Same problem kan bli aktuelt med Stortingsmeldinga som kjem i haust; korleis nå eit visst produksjonsmål til lågast kostnad. «Det vart oppfatta som særs dramatisk for mange at ein så stor del av gulrotproduksjonen skulle skje i Nord-Noreg. Sjølv fraktkostnadane anno 1965, kunne ikkje hindra dette.» Svein Robbestads oppgåve var å skaffe grunndata om ressursbruken osb. Arbeidet var leia av Harry Langvatn som seinare vart dosent i hagebruksøkonomi på Ås.

Det meste av tida arbeidde Svein med bygdeanalysar for å finna landbrukets bidrag til bygdeutvikling. Eit spørsmål var kor mange arbeidsplassar landbruket kunne bidra med i bygdene. Reisegg, dåverande forskingsleiar og seinare direktør, innførte det som vart kalla «plankretsar». Plankretsar var ei gruppe gardsbruk som låg i same grend. Ideen var at desse skulle driva ei form for samdrift, med rasjonell utnytting av transport - eit apropos til dagens høve med stor spreiing av leigejord og omfattande transport og logistikk for bonden. Prosjektet tok for seg ei rekkje kommunar. «Eg hugsar spesielt Seljord, Nissedal og Fyresdal. Der arbeidde vi saman med Erik Bjorå, en skogbrukar. I desse kommunane var det mange små bruk. Vi undersøkte rekrutteringstilhøva, og saman med heradsagronomen vurderte vi mogleg overtaking av gardane. Vi kom då fram til at talet på bruk i Vest-Telemark om nokre år ville bli svært lågt. Det reagerte kommunepolitikarane på, og sa at det ikkje stemde med deira oppfatning. Eg tippar på at det er færre bruk i Vest Telemark i dag enn analysen viste.»

Det var strengt å arbeide i NLI. Det var berre leiinga som hadde lov å uttala seg til avisene. Ein måtte ikkje finna på å ta opp nokon lokale prosjekt. Trøndelagskontoret hadde ein tendens til det ei stund. Denne interne kulturen heldt seg meir eller mindre heilt til eg slutta, meiner Svein, «men i noko minskande grad med nye direktørar».

1964 til 1966 var Svein i Trondheim. Kontoret låg då i Bøndenes hus. Hit kom han for å analysera landbruket i kystbygdene på Nord-Møre og Trøndelag. Bakgrunnen var at desse bygdene låg langt tilbake i næringsutviklinga. Dette arbeidet førte til ein plan for tal bruk og organisering i plankretsar. Svein Robbestad er uviss om analysane fekk konsekvensar. «Det kan ha blitt «skuffestoff». Dersom det skulle fått konsekvensar, måtte det ha vore ei eldsjel til å driva arbeidet. Det var det ikkje, og utviklinga har gått sin skeive gång.»

I 1969 bad Svein om å få flytte til Bergen midlertidig for å arbeide med analysaer av landbruket i Sunnhordland og Nord-Rogaland. NILF hadde då studiegarden Smedsvig som låg i Nord-Rogaland, Skjold i Vindafjord kommune. Denne garden var testamentert til staten av ungkaren Aleksander Nagel for å bidra til utvikling av hagebruket i Nord-Rogaland. Dette blei eit krevjande prosjekt. Svein er samd med at det kan vera tungt å arbeida som forskar. Debatten om landbrukspolitikken kunne og vera hard både i det offentlege, men og innanfor NLI.
 

Tekst: Ivar Pettersen

Publisert: 28.09.2011