Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Positiv utvikling på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Tips en venn Skriv ut
På 18 mjølkeproduksjonsbruk på Nord-Vestlandet vart økonomien undersøkt over 2 år med tanke på budsjett, resultat og sosiale forhold. Alle bruka blei bygde i perioden 2002-2007, og undersøkinga viser ei god utvikling frå 2008 til 2009.

Sjå tabellen Resultat frå rekneskapsundersøking av 18 mjølkeprodusentar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (PDF 96 KB).

NILF har over to år granska økonomien til utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Prosjektet har undersøkt 18 føretak i 2008 og 2009 basert på rekneskapstal, driftsplanar og ei spørjeundersøking.

Den endelege rapporten er ikkje avslutta, men hovudtala viser ei positiv utvikling frå 2008 til 2009 som ein ser ut av tabellen ovanfor. I kjølvatnet av finanskrisa var det eit kraftig rentefall på slutten av 2008. Rentenivået for 2009 var mykje lågare enn i 2008. Ein del av forklaringa til den positive utviklinga skuldast fall i rentekostnader, men ein kan også sjå ei betring av lønsemda hos prosjektbruka i tillegg til rentenedgangen. Prosjektbruka har auka både mjølkeinntekter og slakteinntekter og hadde samstundes god kostnadskontroll, særleg gjeld det dei faste kostnadene. Det er mykje som kan tyde på at resultata for 2008 er påverka av visse innkjøringsproblem etter utviding, men at produsentane har organisert produksjonen og drifta på ein meir effektiv måte i 2009.

I tabellen finn ein også ei referansegruppe og kolonnene samdrifter og enkeltbruk. Referansegruppa er gjennomsnittsmjølkebruket i driftsgranskingane til NILF i mjølkeproduksjon for Vestlandet. Det er i alt 57 bruk som utgjer disse gjennomsnittstala. Prosjektbruka er også delt inn i underkategoriane samdrifter og enkeltbruk. Av dei 18 prosjektbruka var det 6 enkeltbruk og 12 samdrifter. Det er desse bruka som utgjer kolonnane samdrifter og enkeltbruk. Lønnsevna i 2008 var noko lågare for prosjektbruka enn for referansegruppa.

Undersøkinga viser at ingen av dei undersøkte produsentane hadde økonomiske vanskar sjølv om det var stor spreiing i resultatet, og ingen angra på utbygginga. Utvalet er lite, men samtidig var det få utbyggingar i mjølkeproduksjonen i fylka i perioden, og dei fleste som bygde ut, er med i undersøkinga.

Notatet vil vere ferdig i løpet av juni 2011 og bli publisert på NILF sine heimesider når det ligg føre.

Sjå også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 08.06.2011