Aktuelle tema
NILF-forskarar utgjer ny bok om distriktspolitikk i Europa
Tips en venn Skriv ut
Dei rike landa brukar mykje pengar på å støtte landbruk. Det opphavlege føremålet med å støtte landbruket var å sikre matvareforsyninga i periodar med krig eller svolt, og syte for ei rimeleg inntekt for bøndene. Over tid har måla med landbrukspolitikken vorte stadig meir komplekse. Det er i aukande grad godteke at i tillegg til å produsere mat, må landbruk mellom anna verne miljøet og fremje miljøomsyn. Landbruket skal og medverke til livskvalitet og inntekt for rurale regionar og innbyggjarar, der dei færraste no har direkte tilknyting til landbruk. Dei som formar politikken, har difor fleire mål og ventar resultat på fleire nivå.
Boka tar føre seg desse viktige politiske utfordringane om korleis ein best kan sikre at landbruksrelatert politikk medverker til utvikling av rurale regionar. I boka viser forskarane korleis samanhengar mellom politiske tiltak og støtte, avgjersler i landbrukshushald, arealendringar, distriktsøkonomi, demografi, migrasjon og livskvalitet kan modellerast for å teste resultata av ei rekkje politiske verkemiddel på økonomiske, sosiale og miljømessige indikatorar over ei årrekkje. Det vert brukt ein systemdynamisk modell som utvidar tidlegare modelltilnærmingar med input-outputmodellar, og inkluderer livskvalitet, demografi og migrasjon. Eit system som integrerer økonomiske, sosiale og miljøvariablar og -indikatorar, er ein ny reiskap for å analysere berekraftig utvikling. Boka inneheld analysar frå «case»studiar i 11 europeiske land.
Boka er eit resultata av eit treårig prosjekt kalla Toward a Policy Model for Multifunctional Agriculture and rural Developement (TOP-MARD) som vart gjennomført i åra 2005-2008. Prosjektet var finansiert av EUs 6. rammeprogram.
Meir om dette temaet kan ein og lese i Bryden, J et al: Modelling Multifunctionality, Territorial Development, and Policy Scenarios in Rural Europe.
Sjå også Routledge sitt flygeblad om boka (PDF 2,1 MB).
Sjå også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 09.05.2011
