Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Nedgang i jordbruksinntekta for jærbøndene

Tips en venn Skriv ut

Jordbruksinntekta til jærbøndene har gått noko ned dei siste to åra, men Jæren er framleis den regionen i landet med høgast jordbruksinntekt. Frå 2009 til 2010 gjekk jordbruksinntekta ned med åtte prosent og var kr 259 900 per årsverk. I resten av Agder og Rogaland auka jordbruksinntekta ned med 1 prosent frå 2009 til 2010, til kr 221 900 per årsverk. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, viser ein nedgang på 8 % på Jæren for 2010, medan det vart ein liten auke på 1 % for andre bygder i Rogaland og Agder. For jærbruka som er med i driftsgranskingane, vart produksjonen noko mindre i 2010. Saman med auke i kostnadene førte det til nedgang i jordbruksinntektene for desse bruka.

Bruka med mjølkeproduksjon kombinert med svinehald på Jæren fekk redusert jordbruks¬inntekta per årsverk med kr 100 000, men var likevel den driftsforma som hadde høgast jordbruksinntekt per årsverk med kr 308 300. Kostnadsauke og auka arbeidsinnsats er med på å redusere jordbruksinntekta per årsverk.

Mjølkeproduksjon er den mest vanlege driftsforma i begge regionane. For gruppa med mjølkeproduksjonsbruk på Jæren gjekk mjølkeproduksjonen noko ned frå 2009 til 2010. Redusert arbeidsinnsats med 6 %, til 3 200 timar, gjer at jordbruksinntekta per årsverk for denne gruppa ikkje gjekk ned med meir enn 6 prosent, til kr 266 700. Mjølkeprodusentane i dei andre bygdene i Rogaland og Agder auka si jordbruksinntekt med heile 19 % frå 2009 til 2010, til 206 700 per årsverk. Moderat kostnadsvekst, auka produksjonsinntekter og reduserte rentekostnader førde til auke jordbruksinntekta for desse bruka i 2010.

Etter fleire år med høge investeringar, gjekk nettoinvesteringane ned for bruka i Rogaland og Agder i 2010. For Jæren var gjennomsnittlege nettoinvesteringar kr 65 100 og for dei andre bygdene i Rogaland og Agder kr 61 100 i 2010. Samstundes auka samla gjeld med 8 prosent i snitt per bruk, til kr 3 525 200 for bruka på Jæren. Jæren er den regionen i landet med høgast gjennomsnittleg gjeld per bruk. Rentekostnaden auka med kr 6 600 til kr 127 900. For resten av Rogaland og Agder er den gjennomsnittlege gjelda auka med 13 prosent, til kr 2 636 400, medan rentekostnadene, kr 86 700, var om lag uendra frå 2009.

Skattefordelen som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. I alt utgjer inntektsverknaden av jordbruksfrådraget 24 800 for Jæren og 26 900 for dei andre bygdene i Rogaland og Agder.

I alt omfattar granskinga 835 bruk frå heile landet, 49 bruk er frå Jæren og 80 bruk frå resten av Rogaland og Agder-fylka.
 

For meir detaljerte opplysingar kontakt Torbjørn Haukås eller Heidi Knutsen.

 

Les meir om resultata frå driftsgranskingene for gårdsbruk i Rogaland og Agder

Les også meir om Driftsgranskingane 2010 og om Ord og uttrykk i driftsgranskingane.

 

Publisert: 15.12.2011