Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Meir forsking er viktig for å utforme målretta klimatiltak i landbruket

Tips en venn Skriv ut

foto: stck.xchng

NILF har vurdert tre tiltak frå tiltakslista i Klimakur 2020. Desse omfattar redusert norm for gjødsling og tiltak for drenering og jordpakking, stans i nydyrking og restaurering av myr og produksjon av biokull. Det er knytt stor usikkerheit til dei utrekningane som er gjort i Klimakur 2020. Utrekningane baserer seg på ei rekkje føresetnader som i mange tilfelle ikkje er godt dokumenterte, hevdar Ellen Henrikke Aalerud og Valborg Kvakkestad i eit nyleg publisert notat frå NILF.

Klimakur 2020 er ei etatsgruppe leia av Klima- og forureiningsdirektoratet på oppdrag frå Miljøverndepartementet. Gruppa har vurdert verkemiddel og tiltak for å oppnå at dei norske utsleppa av klimagassar vert redusert med 15 til 17 millionar tonn innan 2020.

Les også notatet Klimatiltak i landbruket - En gjennomgang av tiltak i Klimakur 2020.

For meir detaljerte opplysingar, kontakt Ellen Henrikke Aalerud eller Valborg Kvakkestad.

 

Publisert: 07.09.2011, oppdatert 10. oktober 2011