Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Meir internasjonalt konkurransedyktige institutt: Seminar om LMD sin instituttgjennomgang

Tips en venn Skriv ut

Landbruks- og matdepartementet vedtok i 2010 å føreta ein gjennomgang av instituttsektoren som er underlagd departementet, med tanke på struktur, rollefordeling og organisering. Den 3. februar 2010 heldt NILF eit seminar om LMD sin instituttgjennomgang.

Landbruks- og matdepartementet vedtok i 2010 å føreta ein gjennomgang av instituttsektoren som er underlagd departementet, med tanke på struktur, rollefordeling og organisering. Noregs forskingsråd stod for gjennomføringa av evalueringa. Som eit ledd i dette arbeidet nedsette Forskingsrådet ein breitt samansett evalueringskomité og dessutan ein vitskapleg komité som skulle føreta ein gjennomgang av den vitskaplege produksjonen ved dei evaluerte forskingsinstitutta. Komiteane sine konklusjonar kan ein lesa i dei to rapportane En robust instituttsektor og Vitenskaplig kvalitet. Den 3. februar 2010 heldt NILF eit seminar om LMD sin instituttgjennomgang, der mellom anna leiarane for dei to komiteane presenterte rapportane.

Leiar for evalueringskomiteen, fylkesmann Lars Sponheim, innleia seminaret med ei utgreiing om dei utfordringane Noreg og verda står overfor når det gjeld matproduksjon i framtida, og som dannar mykje av bakgrunnen for komiteens arbeid. Vidare forklarte han kva for tankar komiteen hadde lagd til grunn for rapporten dei presenterte.

Catherine Moreddu som arbeider med handel og landbruk i OECD, snakka mellom anna om innovasjonssystem i landbruk og korleis forskinga skal møte dei utfordringane dette fører med seg, nasjonalt og internasjonalt.

Leiaren for komiteen som har sett på institutta sin vitskapelege produksjon og fagleg kvalitet, prorektor ved Universitetet i Århus, Søren Frandsen, presenterte også nokre av sine visjonar for korleis dei norske primærnæringsinstitutta kan førebu seg best mogleg for dei utfordringane som ventar i åra som kjem.

Se Catherine Moreddu sin presentasjon Agriculture's future needs for research: challenges, innovations and institutions (PDF, 172 KB), Søren Frandsen sin presentasjon Utfordringer og kritiske veivalg for LMD-intitutterne (PDF, 1441 KB) og Ivar Pettersen sin Oppsummering av gjennomgangen av LMD-instituttene (PDF, 16 KB).

Sjå også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 17.02.2011