Aktuelle tema
Matkjedeutvalet - manglande merksemd på viktige spørsmål
Tips en venn Skriv utMatkjedeutvalet avgrensa arbeidet sitt slik at den typiske konkurransepolitikken og landbrukspolitikken fall utanfor.
Mange av spørsmåla som låg innanfor målsettinga for oppdrag til utvalet, blei derfor ikkje svara på. I tillegg blei konsekvensar av internasjonale forhold i liten grad analysert. Tilnærminga til det norske Matkjedeutvalet skil seg klart frå den parallelle utgreiinga i Sverige. Frode Veggelands artikkel «Makt og matkjeden – en kommentar til Matkjedeutvalgets tilnærming» drøftar avgrensinga av utvalsarbeidet. Artikkelen er siste bidrag i artikkelsamlinga: Dagligvarehandel og mat 2011 som blei presentert for Virke 19. oktober 2011.
Les oppslaget Ekstrarekning på vel 30 milliardar kroner - utan ei enkel forklaring frå 19. oktober og les meir om matprisar.
Sjå også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert: 11.11.2011
