Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Krevjande å få god lønsemd på store einskildbruk med mjølkeproduksjon

Tips en venn Skriv ut

Mange har hevda at auka produksjonsomfang er vegen å gå for å forbetre lønsemda i mjølkeproduksjonen. Ei undersøking som NILF har gjort hjå føretak med 30-70 årskyr, viste at lønsemda i åra 2006-2008 var svakare på desse føretaka enn hjå ei gruppe samdrifter med same produksjonsomfanget og hjå ei gruppe mindre einskildbruk. Lønsemda var målt som lønsevne per time og familiens arbeidsforteneste per årsverk. Dei store einskildbruka hadde høgare kapitalkostnader og fekk mindre tilskot per produsert eining enn samdriftene og dei mindre einskildbruka. Undersøkinga viste at mellom dei store einskildbruka hadde bruka med mjølkerobot dårlegare lønsemd enn bruk utan robot.

Foto: SXC

Det vart for perioden 2006-2008 analysert 42 regnskap frå 16 ulike bruk med 30-70 årskyr. Resultata vart samanlikna med ei gruppe samdrifter (15 bruk kvart år) og ei gruppe einskildbruk (33 bruk kvart år). Samdriftene hadde 30-70 årskyr, medan gruppa med mindre einskildbruk hadde 20-30 årskyr. Samdrifter er føretak der to eller fleire bruk går saman om produksjonen.

Dei store einskildbruka hadde svakare resultat per produsert eining og målt per arbeidstime enn begge desse gruppene. Årsakene til dette var først og fremst at dei store einskildbruka hadde vesentleg høgare kapitalkostnader og fekk mindre tilskot enn dei andre gruppene. I undersøkinga vart det bruka same sats for rentekravet som i NILF sine driftsgranskingar i dei ulike åra, 4 prosent i 2006, 5 prosent i 2007 og 6 prosent i 2008. Auka rente saman med auka verdi på eigedelane på dei store einskildbruka, førde til sterk auke i rentekravet i perioden 2006 til 2008. Målt som lønsevne per time og familiens arbeidsforteneste per årsverk, kom store einskildbruk dårlegare ut enn både samdriftene og dei mindre einskildbruka. I gjennomsnitt for perioden 2006-2008 var lønsevna per time kr 69 på store einskildbruk, kr 118 i samdriftene og kr 103 i gruppa med mindre einskildbruk. Det var svært stor variasjon i resultat mellom bruka i dei ulike gruppene, og variasjonen var størst mellom dei store einskildbruka. Variasjonane tyder på at det er stort rom for forbetring i resultat, uavhengig av produksjonsomfang og om drifta er organisert som samdrift eller som einskildbruk.

Målt per liter omsatt mjølk hadde dei store einskildbruka lågare inntekter og høgare kostnader enn både samdriftene og dei mindre einskildbruka. Godtgjeringa til eige arbeid vart difor låg sjølv om arbeidsforbruket per produsert eining var langt lågare på dei store einskildbruka enn hjå dei mindre einskildbruka og litt lågare enn hjå samdriftene. Dei høge kapitalkostnadene på dei store einskildbruka kunne ha samanheng med at dei nyleg hadde auka produksjonen og difor hadde investert i driftsbygningar, maskiner og reiskap.

Mellom dei store einskildbruka hadde bruka med mjølkerobot svakare lønnsevne per time enn bruk utan mjølkerobot. Lønsevna per time var for 2006-2008 23 kr per time på bruk med mjølkerobot og 97 kr per time på bruk utan mjølkerobot. Dei viktigaste årsakene til denne skilnaden var høgare kapitalkostnader og faste kostnader på bruk med mjølkerobot. Arbeidsforbruket per produsert eining var litt lågare på bruk med robot, men dette var altså ikkje nok til at lønsevna per time vart på høgde med bruk utan mjølkerobot.

Les heile notatet Økonomien på store mjølkebruk.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Knut Krokann.

Sjå også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 05.01.2011

Grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingene er klart