Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Jordbruksinntektene auka med 8 % i 2010

Tips en venn Skriv ut

Jordbruksinntektene auka med om lag 16 400 til kr 227 400 per årsverk frå 2009 til 2010. Viktige årsaker til auken var betre kornavlingar, høgare pris på mjølk, auka tilskot og auka produktivitet. Avlingsauke korn var årsak til inntektsauke på kornbruka. Det var stor variasjon både mellom ulike grupper av produsentar og innan like grupper. Dette er eit av resultata frå dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 835 bruk fordelt over heile landet.

Foto: stock.xchng

Jordbruksinntektene, her målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka med 8 % på landsbasis frå 2009 til 2010. Inntektsnivået i jordbruket var høgast på Jæren med kr 259 900 per årsverk, etterfølgt av Nord-Noreg (kr 245 400) og flatbygdene på Austlandet (kr 244 400). Produksjonsomfanget per driftseining auka, medan timeforbruket auka med 1 %.

Kornprodusentane hadde sterk auke i jordbruksinntekta frå kr 65 000 per årsverk til kr 180 000. Resultatet er likevel svakt sett i historisk samanheng. Bruk med mjølk og svin gav høgast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene med gjennomsnittleg kr 303 500 per årsverk, ein auke på 7 % frå 2009. Auken skuldast auke i mjølkeprisen og auka tilskot. Mjølkeprodusentane oppnådde kr 231 100 per årsverk, ein auke på 8 %. Høgare prisar på mjølk kombinert med moderat kostnadsauke gav betre resultat.

Generelt har det vore ein auke i brutto produksjonsinntekter (7 %) på grunn av auka prisar på mjølk i tillegg til volum- og tilskotsauke. Kostnadene gjekk opp med 7 %. Kostnader til energi auka mest, særleg galdt det elektrisk kraft som auka med 25 %.

Investeringsnivået i jordbruket er nesten halvert frå 2009. Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk var kr 74 400 mot kr 137 200 i 2009. Likevel er det relativt høg investeringsaktivitet samanlikna med gjennomsnitt for siste tiåret. Det vart investert mest i driftsbygningar, og det var høgast nettoinvestering i Trøndelag utanom flatbygdene. Gjelda auka med 10 % i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka var 46 % i 2010, ein auke på 1 prosentpoeng. Rentekostnaden auka med 1 %.

Nettoinntekta for brukarfamilien for 2010 var på kr 715 200, ein auke på 9 %. Auka bidrag frå jordbruket er hovudårsak til auken, men det var også auka bidrag frå andre næringar og lønsinntekt. I dette beløpet inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket med frådrag av gjeldsrenter og kår. Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 39 %. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 6 % og skogbruket for 2 % av samla inntekter, medan lønsinntekter utgjorde 40 %. Det har vore små endringar i samansetning av inntekt dei siste ti åra. Samanlikna med 2000 er det nedgang i bidraget frå jordbruk på 4 prosentpoeng og auke på 5 prosentpoeng frå lønsarbeid.

Inntektsverknad av jordbruksfrådrag inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Inntektsverknad per årsverk auka med kr 700 til kr 28 500 per årsverk. Andre frådrag kan redusere verknad av jordbruksfrådrag. Jordbruksinntektene justert for skattefordel var kr 255 900 per årsverk, ein auke på 7 % frå 2009.

For 147 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 400 dekar. Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 53 600, ein auke på kr 35 500 frå 2009. Betre prisar og høgare avvirking var hovudårsakene til oppgang i resultatet.
 

 

For meir detaljert informasjon ta kontakt med Torbjørn Haukås eller Eva Øvren

 

Les meir om Driftsgranskingane 2010 og om Ord og uttrykk i driftsgranskingane.

 

Publisert 13.12.2012