Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Inntektsvekst og gjeldsauke for vestlandsbonden i 2010

Tips en venn Skriv ut

På Vestlandet var det bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald som hadde størst auke i jordbruksinntekta i 2010. I gjennomsnitt auka jordbruksinntekta med 8 % for vestlandsbonden, medan bruka med mjølk og svinehald fekk auka jordbruksinntekta si med 30 %. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, auka i gjennomsnitt for vestlandsbonden med kr 16 100, til kr 212 400 i 2010.
Bruk med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald oppnådde den største auken i jordbruksinntekta med kr 61 700, til kr 264 800. Denne gruppa hadde eit svakt år i 2009, men vart i 2010 igjen den driftsforma som hadde høgast jordbruksinntekt på Vestlandet.

Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. For mjølkeprodusentane auka jordbruksinntekta med 11 % til 220 800 per årsverk frå 2009 til 2010.

Jordbruksinntekta til sauebruka på Vestlandet gjekk ned med 1 % frå 2009 til 2010. Desse bruka hadde ein stor auke i jordbruksinntekta frå 2007 til 2008, men dei to siste åra har inntekta gått ned. I 2010 var jordbruksinntekta kr 116 200 i gjennomsnitt per årsverk for sauebruka.

Både i 2009 og 2010 har nettoinvesteringane i jordbruket på Vestlandet vore relativt høge. I 2010 var nettoinvesteringane på kr 90 500. Samstundes har samla gjeld auka med kr 131 000 (9 %) på Vestlandet. I gjennomsnitt var gjelda på 1,63 mill. kr. Gjeldsprosenten auka frå 41 % til 42 %.

Skattefordel som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. Skattekorrigert inntektsverknad er berekna til kr 27 200 per årsverk.
I alt omfattar granskinga 835 bruk frå heile landet, 163 bruk er frå vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
 

Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar for Vestlandet og landet i perioden 2001–2010

 

For meir detaljert informasjon kontakt Torbjørn Haukås og Heidi Knutsen

 

Les meir om resultata frå driftsgranskingane for gårdsbruk på Vestlandet

Les også meir om Driftsgranskingane 2010 og om Ord og uttrykk i driftsgranskingane.

 

Publisert: 15.12.2011