Aktuelle tema
Framgang for mjølkebonden på Vestlandet i 2009
Tips en venn Skriv utJordbruksinntekta, målt i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, var på kr 197 000 i middel per bruk for Vestlandet i 2009. Det var ein auke i produksjonsinntektene for dei fleste driftsformene, men stor kostnadsauke på kraftfôr og gjødsel reduserte resultatet, særleg for kraftfôrbaserte produksjonar.

Mjølkeproduksjon er viktig for jordbruket på Vestlandet. Prisauke på mjølk og storfekjøt saman med volumauke førte til oppgang i produksjonsinntektene. Trass i høgare kostnader og noko større arbeidsforbruk, auka jordbruksinntekta for mjølkeprodusentane med 6 prosent per årsverk.
Det er mange sauebruk på Vestlandet, og mange av desse er små. Jordbruksinntekta for sauebruka på Vestlandet har auka kvart år frå 2001 fram til 2008 då auken var særs stor. Resultatet for 2009 vart ein stor nedgang på 21 prosent til kr 117 000 per årsverk. Omfanget per bruk auka, men nedgang i kjøtpris og auka kostnader og timebruk svekka det økonomiske resultatet.
Middels god avling på frukt, auka bæromsetning og gode prisar på frukt auka produksjonsinntektene på frukt- og bærbruka. Auka kostnader, mellom anna til leigd hjelp, svekka resultatet. Nedgang i betalte renter og mindre arbeidsforbruk kombinert med auka inntekter medførte ein auke i jordbruksinntekta for denne gruppa med 9 prosent til kr 235 000 per årsverk. Dette resultatet var det beste i siste tiårs perioden.
Det var høge investeringar i vestlandsjordbruket for andre år på rad. I snitt låg nettoinvesteringar på kr 97 000 per bruk. Det er bruk med kombinasjon mjølk/svin som investerte mest. For dei låg snittet på kr 197 000. Investeringar på mjølkebruk var framleis høgt trass i nedgang på 39 prosent. Sauebruka hadde nettoinvestering i snitt på kr 22 000 per bruk, etter to år med negativ nettoinvestering.
Gjelda auka med 8 prosent til kr 1 496 600 i snitt per bruk på Vestlandet. Den største auken i gjelda er blant frukt- og bærbruk og sauebruk med høvesvis 22 og 30 prosent, medan bruka med mjølk og svin hadde høgast gjeldsnivå med kr 2 815 000 i snitt per bruk.
Nettoinntekta per bruk på Vestlandet auka med 4 prosent til kr 626 700. Nettoinntekt er sum av alle inntekter til familien både på og utanfor bruket med frådrag av gjeldsrenter og kår. Bidraget frå jordbruk og lønsinntekt utgjer omtrent like store delar av samla inntekt, høvesvis 41 og 42 prosent. Bidraget frå tilleggsnæring og skog auka med 3,5 prosentpoeng til 8 prosent. Elles er det små endringar i høve til 2008.
Les heile notatet Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og økonomisk utvikling 2000-2009.
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Torbjørn Haukås eller Anastasia Olsen.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 11.02.2011
