Aktuelle tema
Kalender
16. januar: Forskarseminar om Melding til Stortinget: landbruks- og matpolitikken
Tips en venn Skriv utRegjeringa la i statsråd 2. desember 2011 fram Melding til Stortinget: landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords. Reiser meldinga dei sentrale utfordringane og spørsmåla for landbruket og for landbruks- og matpolitikken dei komande åra, og tilviser meldinga dei riktige løysingane og retningane?

Det er mellom spørsmåla som eit forskarpanel med forskarar frå fleire forskningmiljø skal søkje å svare på i eit seminar på Høgskolen i Nord-Trøndelag måndag 16. januar 2012. Seminaret vert arrangert rett i etterkant av LMD sin regionale presentasjon av meldinga.
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har ein regional presentasjon av meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken måndag 16. januar 2012 kl 10.00.
Etter lunsj arrangerer NILF, Bygdeforskning og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag eit tverrfagleg forskarseminar i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag. Her vil forskarar frå Bioforsk, Skog og landskap, Bygdeforskning og NILF søkje å svare på om meldinga reiser dei sentrale utfordringane og spørsmåla for landbruket og for landbruks- og matpolitikken dei komande åra, og om meldinga tilviser dei riktige løysingane og retningane. Det vil også verta høve til å sjå meldinga i eit landbrukshistorisk perspektiv.
Stad: Auditoriet, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Steinkjer
Tid: Måndag 16. januar 2012
Program for dagen
| 09.30-10.00 | Oppmøte og kaffe | |
| 10.00-12.30 | Regional presentasjon av Melding til Stortinget: landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords, ved LMD | |
| 10.00 | Opning/velkommen ved fylkesmann i Nord-Trøndelag, Inge Ryan og ved rektor på Høgskolen i Nord-Trøndelag, Steinar Nebb | |
| 10.05 | Presentasjon av Landbruks- og matmeldinga ved statsråd Lars Peder Brekk | |
| 10.50 | Førebudde innlegg frå: | |
| Kåre Peder Aakre, leiar i Nord‐Trøndelag Bondelag | ||
| Knut Sjøvold, leiar i Sør‐Trøndelag Bonde‐ og småbrukarlag | ||
| Ole Bakke, adm.dir i Allskog | ||
| Bjørn Arild Gram, ordførar i Steinkjer | ||
| Terje Sørvik, fylkesråd for regional utvikling og kultur i Nord‐Trøndelag | ||
| 11.30 | Beinstrekk | |
| 11.45 | Diskusjon | |
| 12.30 | Avslutning ved statsråd og møteleiar | |
| 12.30-13.30 | Lunsj | |
| 13.30-17.00 | Forskarseminar | |
| 13.30 | Velkommen ved landbruksdirektør Kirsten Ingjerd Værdal, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. | |
| 13.35 | Kort innleiing om Melding til Stortinget. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. | |
| 13.45 | Norsk landbruks bidrag til det globale matfatet. Forskar Klaus Mittenzwei, NILF. | |
| 14.00 | Norsk landbruk i eit regionalt- og klimapolitisk perspektiv. Seniorforskar Katrina Rønningen, Bygdeforskning. | |
| 14.15 | Miljøutfordringane i norsk jordbruk. Forskar Anne Kjersti Bakken, Bioforsk. | |
| 14.30 |
Forvaltninga av skogens ressursar. Aksel Granhus, Skog og landskap. |
|
| 14.45 | Korte kommentarar og spørsmål frå salen. | |
| 15.00 | Beinstrekk med ein liten matbit. | |
| 15.15 | Matsektorens konkurranseevne: lønsemd, produktivitet og robustheit. Forskar Agnar Hegrenes, NILF. | |
| 15.30 | Landbrukspolitikk og bøndenes tilpassingar. Seniorforskar Jostein Vik, Bygdeforskning. | |
| 15.45 | Meldinga i eit historisk lys. Tidlegare departementsråd Per Harald Grue og professor Reidar Almås i dialog. | |
| 16.00 | Kommentarar og spørsmål frå salen. | |
| Kommentarar frå landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. | ||
| 17.00 | Avslutning |
Se også program for presentasjonen av landbruks- og matmeldingen (PDF 112 KB)eget program for dette seminaret (PDF 280 KB).
Publisert 02.12.2011, oppdatert 05.01.2012
