Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Forskar, dr.polit. Frode Veggeland er tildelt opprykk til forskar I

Tips en venn Skriv ut

Styret i NILF har tildelt forskar, dr.polit. Frode Veggeland opprykk frå forskar II til forskar I etter at ein vitskapleg komité fann Veggeland kvalifisert for opprykk.

Frode Veggeland

Styret i NILF har tildelt forskar, dr.polit. Frode Veggeland opprykk frå forskar II (stillingskode 1109) til forskar I (stillingskode 1183) etter at ein vitskapleg komité fann Veggeland kvalifisert for opprykk til forskar I.
 
Den vitskaplege vurderingskomiteen bestod av professor Knut H. Mikalsen, Institutt for sosiologi, statsvitenskap og samfunnsplanlegging, Universitetet i Tromsø, professor Hilmar Rommetvedt, IRIS/Universitetet i Stavanger, og professor Per Kristen Mydske, Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo.

 
Komiteen gav ei samrøystes innstilling etter å ha vurdert dei innsende skriftlege arbeida, og konkluderte med at Frode Veggeland er kvalifisert for opprykk til forskar I. I samsvar med retningslinjer for lønspolitikken i NILF kan det gjevast opprykk frå forskar II til forskar I når søkjaren kan dokumentera ein vitskapleg kompetanse på professornivå innan det aktuelle fagområdet, i dette tilfellet innanfor fagområdet statsvitskap med vekt på internasjonale organisasjonar og offentleg politikk og administrasjon.
 
Frode Veggeland er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo i 1997 og blei tildelt graden dr.polit. ved Universitetet i Oslo i 2004. Veggeland blei tilsatt som forskar i NILF i 1999 og har vore i NILF sidan. Han har i denne perioden også hatt ei deltidsstilling ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo og ved Arena - Senter for europaforskning, Universitetet i Oslo.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 29.06.2011