Foto: iStockphoto
Aktuelle tema
Ekstrarekning på vel 30 milliardar kroner - utan ei enkel forklaring
Tips en venn Skriv utEkstrarekninga for matkonsumentane i Noreg er stor. Hovuddelen skuldast høgt kostnadsnivå i distribusjon og fastsett importvern av omsyn til norsk matproduksjon og industri. Det er vanskeleg å påvise konsekvens av maktutøving utover den makta politikarane har over fastsetjing av importvern og marknadsreguleringstiltak, viser ei samling artiklar om verdikjeda for matvarer i Noreg.

Artiklane peikar på ei ekstrarekning på vel 30 milliardar kroner for norske matkonsumentar. Ein stor del av dette må tilskrivast det generelt høge kostnadsnivået i distribusjon av forbruksvarer i Noreg. Ein anna del, kanskje mindre enn dei fleste hadde rekna med, gjeld landbruks- og matpolitikken, særleg den delen av skjermingskostnaden som kjem primærjordbruket til gode.
Sjå her for samandrag og artiklar som er presenterte så langt, samt plansjar frå presentasjonen. Artiklane vil no gjennomgå ein sluttrevisjon der det vil verte teke omsyn mellom anna til mottekne kommentarar. Vi ventar at endeleg trykt versjon vil liggja føre innan 23. november.
For meir informasjon, kontakt Ivar Pettersen.
Les meir om matprisar og sjå oversikt over andre forsidesakar.
Publisert: 20.10.2011
