Aktuelle tema
Eit unikt høve til å auke kunnskapen om relevant politikk for distrikts-Noreg!
Tips en venn Skriv utInternational Comparative Rural Policy Studies (ICRPS) arrangerer kvart år ein to veker lang sommarskule med temaet «comparative rural policy». I år vert denne halden i Noreg.

International Comparative Rural Policy Studies (ICRPS) arrangerer kvart år ein to veker lang sommarskule for master- og doktorgradsstudentar, forskarar og andre interesserte. I år blir sommarskulen arrangert i Noreg for første gang, i eit samarbeid mellom Universitetet for miljø- og biovitenskap og NILF. Sidan starten i 2004 har meir enn 175 studentar delteke på sommarskulane som har blitt haldne på universitet i Europa og Nord-Amerika. I fjor deltok over 30 studentar frå nærare 15 land i Europa, Nord- og Latin-Amerika, Afrika og Asia.
ICRPS-konsortiumet som står for arrangement, undervisning og gjennomføring av sommarskulen består av professorar og forskarar frå 11 universitet og forskingsinstitutt i Canada, Mexico, USA og Europa. Formålet er å fremje kunnskap om komparativ analyse av rural politikk på internasjonalt, statleg, regionalt og lokalt nivå. Studentane skal bli kjende med ulike lokale institusjonelle rammevilkår og naturlege forhold som føresetnader for distrikts- og regionutvikling. Dette vert sett i samanheng med «governance» i ein rural kontekst.
Sommarskulen i 2011 vert halden i perioden 26. juni til 11. juli, og begynner på Ås i Akershus. Midtvegs i perioden reiser vi til Sogndal i Sogn og Fjordane. Slik ønskjer arrangørane å vise deltakarane (studentar og førelesarar) den store variasjonen innan institusjonelle rammevilkår og naturgitte forhold i Noreg, og korleis dette legg til rette for ulike lokale tilpassingar når det gjeld lokalt næringsliv, infrastruktur, landbruk og busetjing.
Meir informasjon om sommarskulen - inkludert eit førebels program - finn du på nettsiden til ICRPS 2011.
Kontakt gjerne John Bryden, sjur.baardsen[k.alfa]umb.no eller Karen Refsgaard for meir informasjon.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 08.03.2011
