Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Driftsresultatet i jordbruket på Vestlandet 2010

Tips en venn Skriv ut

Hovudtendensar:
• Auke i jordbruksinntektene for dei fleste driftsformene på Vestlandet
• Høge nettoinvesteringar og aukande gjeld

Vestlandsbonden oppnådde ei jordbruksinntekt, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, på kr 212 400 i 2010. Det er ei auke på kr 15 800 (8 %) frå 2008. I gjennomsnitt for landet auka jordbruksinntekta ned med kr 16 600, til kr 227 400 per årsverk.

Jordbruksinntektene auka for dei fleste driftsformene på Vestlandet frå 2009 til 2010. Størst auke fekk bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald med 30 %. Dei reine mjølkeproduksjonsbruka fekk auka inntekta med 11 % og frukt- og bærprodusentane med 8 %. For bruka med sauehald var inntekta om lag på nivå med 2009.

Driftsgranskingane i jordbruket er basert på eit tilfeldig og representativt utval av 835 bruk over heile landet. I alt omfattar granskinga 163 bruk frå Vestlandet; 59 i Hordaland, 56 i Sogn og Fjordane og 48 i Møre og Romsdal. Jordbruksarealet for desse bruka var i middel 225 dekar. Jordbrukskapitalen var i middel per bruk kr 1 906 300.

Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. For mjølkeprodusentane auka jordbruksinntekta med 11 % til 220 800 per årsverk frå 2009 til 2010, Produksjonsinntektene auka med 9 % grunna auke i prisar og volum., medan kostnadane auka med 8 %.. Arbeidsinnsatsen var uendra frå 2009 og var på 1,8 årsverk à 1845 timar.

Mjølkeproduksjonen auka med 3 % på desse bruka og mjølkeprisen auka med kr 0,33 per liter. På kostnadssida var det kostnadene til kraftfôr som auka mest i kronebeløp, medan kostnader til gjødsel gjekk tilsvarande ned. Av dei faste kostnadane var det elektrisk kraft som auka mest.

Produksjonsomfanget på mjølkeproduksjonsbruka var på 20,5 årskyr, dei omsette i gjennomsnitt 135 600 liter mjølk og 5 100 kg storfekjøt (inkl. kukjøt). Gjennomsnittleg jordbruksareal var 284 dekar.

Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald fekk auka jordbruksinntekta med 2 % frå 2009 til 20010, jordbruksinntekta per årsverk var kr 200 400. Mjølkeproduksjonen auka med 5 %, medan kjøtproduksjonen på storfe gjekk ned med 9 % på desse bruka. For sauehaldet var det berre små endringar. Prisauke på mjølk og lammekjøt, moderat kostnadsvekst og uendra arbeidsforbruk førde til at jordbruksinntekta auka. Gruppa omfatta 22 bruk i 2010. Gjennomsnittleg jordbruksareal var 306 dekar. Bruka hadde 16 årskyr og 87 vinterfôra sauer. Arbeidsinnsatsen var på 2,2 årsverk..

Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk igjen ein kraftig auke i jordbruksinntekta frå 2009 til 2010, etter nedgang frå 2008 til 2009. I gjennomsnitt for desse bruka auka jordbruksinntekta med 30 % til 264 800 per årsverk. Det var produksjonsauke både for produksjon av mjølk og svinekjøt. I tillegg auka prisane på mjølk og kjøt. Saman med moderat kostnadsvekst og redusert arbeidsinnsats førde det til stor auke i jordbruksinntekta. Arbeidsinnsatsen vart redusert med 300 timar og var på 2,2 årsverk. Driftsforma omfatta i 2010 12 bruk med eit produksjonsomfang på 18,9 årskyr, 26,7 purker,672 salbare smågriser og 24 100 kg slaktegris.

Jordbruksinntekta til sauebruka på Vestlandet gjekk ned med 1 % frå 2009 til 2010. Desse bruka hadde ein stor auke i jordbruksinntekta frå 2007 til 2008, men dei to siste åra har inntekta gått ned. I 2010 var jordbruksinntekta kr 116 200 i gjennomsnitt for sauebruka. Det var berre små endringar i produksjonsomfang, og sjølv om prisen på lammekjøt auka med kr 2,61 per kg, var ikkje det saman med auke i beitetilskotet nok til å kompensere for auka kostnader. Arbeidsforbruket var om lag uendra, 1,2 årsverk. Sauehald er den driftsforma som oppnår lågast jordbruksinntekt per årsverk på Vestlandet. I 2009 omfatta driftsforma 25 bruk med eit gjennomsnittleg areal på 187 dekar og 125 vinterfôra sauer.

Fruktbruka på Vestlandet fekk auka ordbruksinntekta med 8 % frå 2009 til 2010. Moderate avlingar, men høvelege prisar og reduserte kostnader, særleg til leigd hjelp, gav ei jordbruksinntekt på kr 253 600 per årsverk. Fruktavlingane svingar mykje frå år til år, og jordbruksinntektene svingar meir frå år til år for denne driftsforma enn for andre driftsformer med husdyrhald. Det var 22 produsentar i denne gruppa.

Både i 2009 og 2010 har nettoinvesteringane i jordbruket på Vestlandet vore relativt høge. I 2010 var nettoinvesteringane på kr 90 500. Samstundes har samla gjeld auka med kr 131 000 (9 %) på Vestlandet. Gjeldsprosenten vart auka frå 41 % til 42 %.

Driftsgranskingane viser at driftsoverskotet frå jordbruket utgjorde 42 % av familien sine samla inntekter i 2010,medan lønnsinntekt utgjorde 41 %.Tilleggsnæring med utgangspunkt i bruket sine ressursar utgjorde 6 %. Resten av dei samla inntektene, er anna næring, pensjonar, sjukeløn og kapitalinntekter.

Maksimalt jordbruksfrådrag var kr 142 000 i 2010. Tek ein omsyn til inntektsverknad av jordbruksfrådraget, vert den skattekorrigerte jordbruksinntekta i 2010 kr 239 600 i gjennomsnitt per årsverk for bruka frå Vestlandet. Det er ein auke på 8 % frå 2009. I alt utgjer inntektsverknaden av jordbruksfrådraget kr 27 200 per årsverk, kr 1 000 meir enn for 2009. Det er ikkje teke omsyn til inntektsverknaden av jordbruksfrådraget i dei andre resultatmåla som er presenterte frå driftsgranskingane.

Alle dei presenterte resultata er middeltal frå grupper av bruk. Det er stor spreiing i materialet, noko som ikkje kjem fram her. Middeltala for dei 163 bruka gjev likevel ein god peikepinn på korleis den økonomiske utviklinga for jordbruket på Vestlandet har vore.
 

Samla oversikt for 2010

Alle beløpa i tabellen er oppgjevne i nominelle kroner.
Jordbruksinntekt per årsverk er definert som løn til alt arbeid og til rente på eigenkapitalen

Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar for Vestlandet og landet i perioden 2001–2010

 

For meir detaljert informasjon kontakt Torbjørn Haukås eller Heidi Knutsen.

 

Les meir om Driftsgranskingane 2010 og om Ord og uttrykk i driftsgranskingane.

 

Publisert 15.12.2011