Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Bondens marknad gjev verdifull kundekontakt

Tips en venn Skriv ut

Direkte tilbakemeldingar er viktigaste grunn for å selje gjennom Bondens marknad, opplyser tilbydarar. I ein ny artikkel har NILF-forskarar sett nærare på kvifor verksemder sel på Bondens marknad samt kjenneteikn og skilnader på verksemder ut i frå dei motiva dei hadde til å selje.

 

 

 

Kvifor selje på Bondens marknad? Kva kjenneteiknar og skil verksemder ut i frå dei motiva dei har til å selje? Asbjørn Veidal og Ola Flaten har sett på desse spørsmåla i ein nyleg publisert artikkel i boka The Handbook of Research on Entrepreneurship in Agriculture and Rural Development.
 
Denne studien viser at dei aller fleste tilbydarane på Bondens marknad, kor meir enn halvdelen var kvinner, nytta seg av andre marknadskanalar òg. På Bondens marknad selde halvdelen husdyrprodukt, fylgt av ferske grøntvarar (39 prosent) og foredla grøntvarar (36 prosent). Ein fjerdedel selde økologiske varer.
 
Tilbydarane opplyste om mange økonomiske, marknadsmessige og sosiale grunnar til å selje gjennom Bondens marknad. Viktigaste motiv var direkte tilbakemeldingar frå forbrukarar og trivselen ved å selje direkte til desse. Direkte økonomiske omsyn var og av betyding, men dei var sjeldan viktigast og svært sjeldan einerådande.
 
Mange enkeltmotiv kunne forenklast til fire samansette hovudmotiv: økonomi, familieverksemd, marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter. For desse hovudmotiva, med unnatak av økonomi, fann forfattarane fleire sikre kjenneteikn ved tilbydarane, t.d.:
  • Kvinner la større vekt på alle dei tre hovudmotiva familieverksemd, marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter enn menn.
  • Dei som brukte andre marknadskanalar i tillegg var i større grad motiverte av marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter.
  • Verksemder i ein tidleg utviklingsfase var i størst grad motiverte av familieverksemdaspektet og utnytting av moglegheiter.
  • Verksemder som selde foredla planteprodukt var i større grad enn andre opptatt av å utnytte moglegheiter.
  • Motiv til tilbydarar av økologiske varar skilde seg ikkje frå andre.
 
Forfattarane konkluderte med at resultat frå studien tyder på at Bondens marknad er ein attraktiv marknadskanal både for nye og erfarne småskalaprodusentar.
Studien byggjer på svar frå 244 verksemder som hadde delteke minst ein gong på Bondens marknad. Spørjeundersøkinga vart utført av NILF.

 

Artikkelen «Why do farm entrepreneurs sell at Farmers Markets? Insights from Norway» er publisert som eit bokkapittel i The Handbook of Research on Entrepreneurship in Agriculture and Rural Development utgitt på forlaget Edward Elgar og med Gry Agnete Alsos, Sara Carter, Elisabeth Ljunggren og Friederike Welter som redaktørar.

Artikkelen er ein del av det strategiske instituttprogrammet Farm entrepreneurship: the potential and challenges of farm-based new venturing (FARMENTRE) som er finansiert av Noregs forskingsråd.

Sjå og Bønder i byen selger stadig bedre

 

For meir informasjon ta kontakt med Ola Flaten eller Asbjørn Veidal.

 

Sjå oversikt over andre andre forsidesaker.
 

Publisert 16.11.2011