Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Blanda resultat hos utbyggingsbruk i Hordaland

Tips en venn Skriv ut

I ei undersøking av 7 samdrifter og 3 enkeltbruk i Hordaland er økonomien på mjølkeproduksjonsbruk som bygde ut i perioden 2005 til 2008, undersøkt med tanke på budsjett, økonomiske resultat og sosiale forhold. Undersøkinga viser store variasjonar mellom produsentane.

Foto:stock.xchng

NILF har undersøkt økonomien til utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon i Hordaland. Prosjektet har undersøkt 10 føretak i 2009 basert på rekneskapstal (9 produsentar), driftsplanar (7 produsentar) og ei spørjeundersøking (10 produsentar).
Den endelege rapporten er ikkje avslutta, men hovudtala viser resultat av ein varierande karakter.

Spørjeundersøkinga viser at produsentane har opplevd ein del vanskar rundt sjølve utbygginga og produksjonen i startfasen. Produsentane er delte i synet om økonomien har blitt betre, medan dei fleste er optimistiske med tanke på framtida.
Driftsplanane var av varierande kvalitet og omfang. Dette gjorde det vanskeleg å samanlikne plan og rekneskap, men for dei sju produsentane med fullverdig driftsplan, var byggjekostnadene 27 % større enn planlagt. Driftsplanane undervurderte også renteutgifter og avskrivingar. Produksjonen og den faktiske mjølkekvota er langt større enn kvotenivået i driftsplanane.

Rekneskapsundersøkinga viser at dei økonomiske resultata varierte mykje mellom produsentane, og resultatet er svakare enn i eit tilsvarande prosjekt på Nord-Vestlandet - sjå tabell 1. Samanlikna med tilsvarande bruk på Nord-Vestlandet har Hordalandsprodusentane lågare vederlag per årsverk og lønsevne per time. Hordalandsbruka har høgare til grovfôr- og kraftfôrkostnader, kostnader til maskinleige, leasing og bygningar. Omsetninga hos Hordalandsbruka er derimot heilt på linje med bruka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Likviditeten, derimot, er mykje svakare for produsentane i Hordaland enn i dei to andre fylka.

Utbyggingsbruka i Hordaland har hatt kortare tid frå utbygging til rekneskapsåret 2009 enn kva bruka dei to andre fylka har. NILF har tidligare observert driftsmessige problem i innkjøringsfasen, og dette kan vere ein del av forklaringa her også. I tillegg skal ein vere klar over at variasjonen mellom bruka er for stor til kunne generalisere ut frå resultat frå 9 produsentar. Sjå tabell 1 og dei to kolonnane som viser høggruppe og låggruppe for Hordalandsprodusentane.
 

Notatet vil vere ferdig i løpet av hausten og bli publisert på NILF sine heimesider når det ligg føre.

Tabell 1. Resultat frå utbyggingsbruk med mjølkeproduksjon i Hordaland i 2009 samanlikna med bruk på Nord-Vestlandet

  Prosjektgruppe (Hordaland) Referansegruppe (Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Høggruppe (Hordaland) Låggruppe (Hordaland)
         
Tal produsentar 9 18 4 4
         
Lønsevne per time 87 kr 130 kr 125 kr 24 kr
         
Vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk 183 000 kr 270 000 kr 308 000 kr 56 000 kr

 

 

 

For definisjonar av omgrep sjå Ord og uttrykk i Driftsgranskingane.

 

For meir detaljerte opplysingar, kontakt Lars Ragnar Solberg.

Sjå også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert: 22. september 2011