| Rekordhøg nettoinvestering på Jæren i 2009
Trass i ein liten nedgang i jordbruksinntekta i 2009, var det framleis jærbøndene som hadde høgast jordbruksinntekt med kr 281 200. I resten av Rogaland og Agder-fylka auka jordbruksinntekta med 4 % til kr 218 400. Jæren var også den regionen i landet med klart høgast nettoinvestering. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå NILF.
Jordbruksinntektene, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, viser ein svak nedgang på vel 1 % på Jæren for 2009, medan det vart ein auke på 4 % for andre bygder i Rogaland og Agder. Moderat vekst i produksjonsinntektene saman med kraftig vekst i kostnadene gjer at ein har fått nedgang i jordbruksinntekta på Jæren. Særleg har kraftfôrkostnadene auka mykje i dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Nedgang i rentekostnader og redusert arbeidsforbruk gjer likevel at nedgangen i jordbruksinntekt per årsverk ikkje vert høgare for bruka på Jæren.
Jordbruksinntektene auka med 25 % for mjølkeproduksjonsbruka på Jæren, til kr 283 000 per årsverk, medan bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk redusert jordbruksinntekt med 2 % i 2009. Det var likevel desse bruka som oppnådde høgast jordbruksinntekt på Jæren med kr 408 800 per årsverk. I dei andre bygdene i Rogaland og Agder var det også i 2009 bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald som hadde den største framgangen i jordbruksinntekt per årsverk. Desse bruka oppnådde ein jordbruksinntekt per årsverk på 254 200, ein auke på 11 %. Mjølkeproduksjonsbruka i denne regionen oppnådde ei jordbruksinntekt på kr 174 100 per årsverk i 2009. Det var om lag det same som året før.
Jæren var den regionen i landet som hadde høgast investeringsaktivitet i 2009. I gjennomsnitt var nettoinvesteringa per bruk kr 271 500, nær kr 100 000 høgare enn i 2008. I dei andre bygdene i Rogaland og Agder gjekk nettoinvesteringa noko ned i 2009 og var i gjennomsnitt kr 143 900 per bruk, men likevel nær 7000 høgare enn landsgjennomsnittet. Samla gjeld auka med 10 % i begge dei to regionane. Høgast gjeld hadde bøndene på Jæren med kr 3,25 mill.
Skattefordelen som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. I alt utgjer inntektsverknaden av jordbruksfrådraget 24 800 for Jæren og 27 000 for dei andre bygdene i Rogaland og Agder.
I alt omfattar granskinga 848 bruk frå heile landet, 48 bruk er frå Jæren og 80 bruk frå resten av Rogaland og Agder-fylka.
Det finnes også en lang versjon av dette oppslaget.
I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2009.
For meir detaljerte opplysninger, kontakt Heidi Knutsen.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 08.12.2010 |