Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Optimisme blant utbyggingsbruk i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Tips en venn Skriv ut

Optimisme blant utbyggingsbruk i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Bilde
 

På oppdrag frå Landbruksavdelingane hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har NILF utførd ei undersøking av 19 mjølkeprodusentar som har investert stort i driftsbygningar i perioden 2002 til 2007. Produsentane ser optimistisk på framtida sjølv om driftsresultatet ligg rundt gjennomsnittet for mjølkeproduksjon i regionen.

Undersøkinga omfatta mellom anna gjennomgang av driftsplanar for utbygginga samanlikna med faktisk resultat i 2008. Store endringar i mjølkeproduksjonen i dei to fylka har gitt produsentane høve til å utvide produksjonen mykje dei siste åra. Samanlikning mellom driftsplan og driftsresultat for 2008 viser at produksjonen er 40 % større enn det som var planlagt. Investeringane ligg i middel 5 % over det som var budsjettert i driftsplan, men det er store avvik begge vegar. Driftsresultatet ligg 4 % over nivå i driftsplan, også her var det store avvik begge vegar. Årsakene til avvik er auka faste kostnader, avskrivingar og renter i tillegg til at produksjonen er auka.

I tillegg er rekneskap analysert for 2008. Driftsresultatet for dei 19 mjølkeprodusentane varierer mykje, og middels mjølkeproduksjon per produsent var om lag 300 tonn i 2008. I gjennomsnitt ligg nivået på driftsresultatet om lag som for andre mjølkeprodusentar i regionen. Jordbruksinntektene, målt i vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk, var kr 204 200 i middel for dei 19 produsentane. Det var betre resultat på samdriftene (13 stk.) samanlikna med enkeltprodusentar (6 stk.). Robotfjøsa (5 stk.) hadde svakast økonomisk resultat av dei ulike gruppene produsentane vart inndelte i.

Produsentane har også svara på eit spørjeskjema der dei vurderer eigen situasjon etter utbygging med tanke på produksjon, økonomi og trivsel. På grunn av avgrensa utval på 19 produsentar, bør ein vere forsiktig med å generalisere for mykje. Spørjeundersøkinga viste at produsentane var nøgde med utbygginga. Dei var komne raskt i produksjon etter utbygging. Arbeidsforhold og trivsel var god, og ingen angra på investeringa. Dei var optimistiske med tanke på framtida, og fleire hadde planar om å utvide produksjonen ytterlegare. Samtidig var dei uroa for økonomien i landbruket, og gav uttrykk for at dei hadde dårlegare økonomi enn andre yrkesgrupper. På grunn av store investeringar og høg gjeld, er dei også sårbare for endringar i rammevilkår, som til dømes rentenivået.

Les meir i sluttnotatet Vurdering av økonomi på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjonen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 2008.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Torbjørn Haukås eller Lars Ragnar Solberg.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 17.06.2010