Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Framgang for fruktbønder og sauebruk på Vestlandet

Tips en venn Skriv ut

Framgang for fruktbønder og sauebruk på Vestlandet

Bilde

Foto: SXC

 

Jordbruksinntekta, målt i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, var på kr 188 000 i middel per bruk. Det var stor auke i produksjons­inntektene, men auka kostnader mellom anna på kraftfôr, gjødsel, energi og renter medførde at resultatet vart omlag uendra frå året før målt i faste kroner.

Mjølkeproduksjon kombinert med storfekjøt er den største driftsforma i driftsgranskingsmaterialet for Vestlandet. Trass i auka produksjon og høgare prisar på produkta, medførde sterk kostnadsauke at jordbruksinntekta gjekk ned med 7 prosent per årsverk for denne driftsforma. Det har vore investert mykje blant mjølkeprodusentane dei siste åra, høge kapitalkostnader påverka derfor resultatet negativt.

2008 vart eit godt år for fruktbøndene med høge avlingar og gode prisar. Det førte til ein auke i gjennomsnittleg driftsoverskot på 49 %, til kr 283 000. Auken i jordbruksinntekt per årsverk vart noko mindre enn for driftsoverskotet grunna auka arbeidsforbruk og renteauke, men likevel vart jordbruksinntekta i 2008 den beste i tiårsperioden med kr 215 500 per årsverk, ein auke på 23 % frå 2007.

Sauebruka på Vestlandet er små og har generelt svakare økonomi enn sauebruk elles i landet. Likevel vart jordbruksinntekta per årsverk i 2008 den beste i siste tiårsperioden med kr 144 000. Hovudårsaka til framgangen i 2008 var kraftig auke i prisar på sau- og lammekjøt kombinert med moderat kostnadsutvikling. Dessutan var sauebruka blant dei som hadde minst gjeld, og dei vart dermed minst påverka av auka rentenivå. Sauehald har likevel den lågaste jordbruksinntekta blant dei presenterte driftsformene på Vestlandet.

Vestlandet har hatt ei positiv nettoinvestering kvart år gjennom tiårsperioden, med unnatak av år 2000. Vestlandsbonden hadde i snitt ei nettoinvestering på kr 76 800 per bruk i 2008. Det er ein auke på 52 % i samanlikna med 2007, og det klart høgaste nivået i løpet av tiåret. Det vart investert mest i mjølkeproduksjonen, hovudsakleg i nye bygningar. Sauebruka har hatt negativ nettoinvestering dei siste åra.

Gjelda auka med 14 % til kr 1 357 000 i snitt pr bruk på Vestlandet i 2008 og har samanheng med den høge investeringsaktiviteten. Gjeldsauke kombinert med auka rentenivå førde til at renteutgiftene auka med 52 % til kr 72 400 per bruk i middel. Soliditeten varierer mykje mellom bruk og driftsformer. Eigenkapitalprosenten blant vestlandsbruka ligg på 60 %, noko som er 5 prosentpoeng over landsmiddelet.

For vestlandsbruket bidrog jordbruket med 42 % av totalinntekta, skogbruket med 1 % og tilleggsnæring med 4 %. Lønsinntekter stod for 42 % av samla inntekt på bruket. Det er små endringar frå 2007 med tanke på samansetning av totalinntekta.

Les meir i notatet Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og øko-nomisk utvikling siste tiåret, 1999-2008. Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

NILF sine driftsgranskingar i jordbruket er ein årleg statistikk basert på reknskap og opplysningar fra tilfeldig utvalgte gardsbruk frå heile landet.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Torbjørn Haukås eller Anastasia Olsen.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 06.04.2010