| Driftsresultatet i jordbruket på Vestlandet 2009
Hovudtendensar: - Auke i jordbruksinntekt for mjølkeproduksjon og frukt og bær
- Nedgang i inntekt for svin og sau
- Framleis høg nettoinvestering i jordbruket
Vestlandsbonden oppnådde ei jordbruksinntekt, målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, på kr 196 500 i 2009. Det er ei auke på kr 8600 (5 %) frå 2008. I gjennomsnitt for landet gjekk jordbruksinntekta ned med kr 1500, til kr 211 000 per årsverk.
Utviklinga i jordbruksinntekt var noko ulik for dei vanlegaste driftsformene på Vestlandet. Medan mjølkeprodusentane fekk auka jordbruksinntekta med 8 % og frukt- og bærprodusentane med 9 %, gjekk inntekta ned for saueprodusentane med 17 % og for kombinasjonen mjølk og svin med 19 %. Prisauke på mjølk og storfekjøt kombinert med produksjonsauke og rentenedgang verka positivt for mjølkeprodusentane. Stor kostnadsvekst på kraftfôr og gjødsel svekka resultatet, særleg for svineprodusentane.
Driftsgranskingane i jordbruket er basert på eit tilfeldig og representativt utval av 848 bruk over heile landet. I alt omfattar granskinga 162 bruk frå Vestlandet; 56 i Hordaland, 54 i Sogn og Fjordane og 52 i Møre og Romsdal. Jordbruksarealet for desse bruka var i middel 218 dekar. Jordbrukskapitalen var i middel per bruk kr 1 790 000.
Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. For mjølkeprodusentane auka jordbruksinntekta med 8 % til 198 000 per årsverk frå 2008 til 2009, Produksjonsinntektene auka med 12 % grunna auke i prisar og volum. Rentenedgang bidrog også til positivt resultat. Kostnadene auka med 8 %.
Mjølkeproduksjonen auka med 11 %, medan arbeidsinnsatsen auka med vel 2 %. Mjølkeprisen auka med kr 0,06 pr liter og prisen på storfekjøt med kr 1,60 pr kg. På kostnadssida var det kostnadene til kraftfôr som auka mest i kronebeløp, men også kostnader til gjødsel og maskinleige var med på å dra kostnadene opp.
Det var høgt investeringsnivå på mjølkeproduksjonsbruka i 2009, med ei nettoinvestering på kr 107 200. Det vart investert mest i driftsbygningar og maskiner. Samla gjeld auka med kr 261 000. Det var 60 bruk i denne driftsforma i 2009. Produksjonsomfanget var på 20,3 årskyr, dei omsette i gjennomsnitt 131 700 liter mjølk og 4300 kg storfekjøt (inkl. kukjøt). Gjennomsnittleg jordbruksareal var 275 dekar.
Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald fekk auka jordbruksinntekta med 17 % frå 2008 til 2009, jordbruksinntekta per årsverk var kr 196 200. Auka mjølkeproduksjon, prisauke på mjølk og storfekjøt og rentenedgang førde til at jordbruksinntekta auka trass i kostnadsauke. Særleg var det kostnader til kraftfôr og handelsgjødsel som auka mykje. Gruppa omfatta 22 bruk i 2009. Gjennomsnittleg jordbruksareal var 287 dekar. Bruka hadde 15,3 årskyr og 87 vinterfôra sauer. Arbeidsinnsatsen var på 2,2 årsverk i 2009.
Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk ein kraftig nedgang i jordbruksinntekta med 19 %, til kr 202 900 frå 2008 til 2009. Det var produksjonsauke både for produksjon av mjølk og svinekjøt. Det var svineproduksjonen som trekte ned med lågare produksjonsinntekter og stor auke i kraftfôrkostnader. Rentenedgang hindra enda større fall i jordbruksinntekta. Driftsforma omfatta i 2009 13 bruk med eit produksjonsomfang på 19,1 årskyr, 31,8 purker, 602 salbare smågriser og 23 400 kg slaktegris.
Sauebruka på Vestlandet hadde ein stor auke på kr 46 600 per årsverk frå 2007 til 2008. Etter ein kraftig oppgang i jordbruksinntektene førre året, var det ein stor nedgang på kr 27 400 (19 %) til kr 117 100 per årsverk frå 2008 til 2009. Årsaka til nedgangen var kostnadsauke kombinert med uendra produksjonsinntekter. Større produksjon kompenserte ikkje for prisnedgang på sau- og lammekjøt på kr 3 per kg. Auka timebruk reduserte jordbruksinntekta per årsverk. Sauehald er den driftsforma som oppnår lågast jordbruksinntekt per årsverk på Vestlandet. I 2009 omfatta driftsforma 25 bruk med eit gjennomsnittleg areal på 182 dekar og 128 vinterfôra sauer.
Fruktprodusentane hadde eit middels godt avlingsår i 2009. Gode prisar på produkta og høgare bærproduksjon auka jordbruksinntekta med 9 % til kr 235 300 per årsverk. Fruktavlingane svingar mykje frå år til år, og jordbruksinntektene svingar meir frå år til år for denne driftsforma enn for andre driftsformer. Frukt- og bærprodusentane hadde den høgaste jordbruksinntekta av dei presenterte driftsformene på Vestlandet i 2009. Det var 21 produsentar i denne gruppa.
Samla gjeld har auka med kr 139 700 (10 %) på Vestlandet. Gjeldsprosenten vart auka frå 40 % til 41 %.
Driftsgranskingane viser at driftsoverskotet frå jordbruket utgjorde 41 % av familien sine samla inntekter i 2009 medan lønnsinntekt utgjorde 42 %. Tilleggsnæring med utgangspunkt i bruket sine ressursar utgjorde 6 %. Resten, 11 % av dei samla inntektene, er anna næring, pensjonar, sjukeløn og kapitalinntekter. Delen frå lønsinntekt er uendra frå 2008.
Maksimalt jordbruksfrådrag var kr 142 000 i 2009. Tek ein omsyn til inntektsverknad av jordbruksfrådraget, vert den skattekorrigerte jordbruksinntekta i 2009 kr 222 700 i gjennomsnitt per årsverk for bruka frå Vestlandet. Det er ein auke på 4 % frå 2008. I alt utgjer inntektsverknaden av jordbruksfrådraget kr 26 200 per årsverk, om lag det same som for 2008. Det er ikkje teke omsyn til inntektsverknaden av jordbruksfrådraget i dei andre resultatmåla som er presenterte frå driftsgranskingane.
Alle dei presenterte resultata er middeltal frå grupper av bruk. Det er stor spreiing i materialet, noko som ikkje kjem fram her. Middeltala for dei 162 bruka gjev likevel ein god peikepinn på korleis den økonomiske utviklinga for jordbruket på Vestlandet har vore.
Sjå separat tabell med nøkkeltal for 2008 og 2009. | | | Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar for Vestlandet og landet i perioden 2000-2009. | I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2009.
For meir detaljerte opplysninger, kontakt Heidi Knutsen.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 08.12.2010 |