Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Driftsresultatet for jordbruket i Rogaland og Agder 2009

Tips en venn Skriv ut

Driftsresultatet for jordbruket i Rogaland og Agder 2009

Hovudtendensar:

  • Liten nedgang for Jærbøndene, men framleis best i landet
  • Høgt investeringsnivå på Jæren
  • Stor auke i kraftfôrkostnadene, særleg for kraftfôrkrevjande produksjonar

Jordbruksinntekta til jærbøndene gjekk ned med vel ein prosent frå 2008 til 2009, men var likevel den beste regionen i landet med kr 281 200 per årsverk. I resten av Rogaland og Agder auka jordbruksinntekta med fire prosent, til kr 218 400 per årsverk.

Jordbruksinntekt er her definert som løn til alt arbeid og rente på eigenkapitalen per årsverk, og varierer mellom ulike produksjonar og storleik på bruka. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er basert på eit tilfeldig utval av 848 bruk frå heile landet. Bruka frå Rogaland og Agder vert delte inn i to regionar, «Jæren» og «Rogaland og Agder andre bygder». I alt var det med 48 bruk frå Jæren og 80 bruk frå resten av Rogaland og Agder-fylka. Utvalet av bruk som deltek, skal vere representativt for regionen.

Sjølv med ein nedgang i jordbruksinntekta på kr 7100 per årsverk, var det bruka med mjølkeproduksjon kombinert med svinehald på Jæren som oppnådde best resultat i 2009, med kr 408 800 per årsverk. Mjølkeproduksjonen og auka på desse bruka. I svinehaldet var det produksjonsauke for slaktegris, medan inntekt frå sal av smågris gjekk ned, slik at produksjonsinntektene i svinehaldet gjekk noko ned. Kombinert med kraftig auke i kraftfôrkostnaden førte det til nedgang i resultatet. Redusert arbeidsinnsats og lågare rentekostnad gjorde at nedgangen i jordbruksinntekt per årsverk likevel ikkje vart på meir enn 2 %.

I alt auka mjølkemengda med 14 % til 191 200 liter og årskutalet med 3,3 til 28,3 årskyr. Det var også auke i produksjon av svinekjøt som auka med 45,5 % til 74 400 kg, medan produksjon av smågris gjekk ned med 26,1 %, til 960 salbare smågris. Mjølkeprisen auka med 3 øre, til kr 4,11, prisen på svinekjøt auka med kr 0,63 per kg og storfekjøt med kr 2,36 per kg. Smågrisprisen gjekk ned med nesten 12 % til 884 per selt smågris. Arbeidsinnsatsen gjekk ned med 9 % og var i 2009 2 årsverk à 1 845 timar. Det er få bruk i denne gruppa, og endringar på enkeltbruk kan gje store utslag for gruppa.

Mjølkeproduksjon er den mest vanlege driftsforma i begge regionane. For mjølkebruka på Jæren var det bare små endringar i produksjonen og dei hadde i 2009 33,6 årskyr, ein nedgang på 0,5 årskyr frå 2008. Omsett mjølk auka med 0,7 %, til 222 700 liter. Ytinga var ca. 7390 kg per årsku. Arbeidsinnsatsen gjekk ned med 9 %, til 3 400 timar. Jordbruksinntekta for denne gruppa auka med heile 25 %, til kr 283 600 per årsverk. Prisauke, mjølkeprisen auka med 18 øre for desse bruka, moderat kostnadsauke, reduserte rentekostnader og auka effektivitet førte til det gode resultatet.

Mjølkeprodusentane i dei andre bygdene i Rogaland og Agder fekk redusert jordbruksinntekta med knappe 1 % frå 2008 til 2009, til kr 174 000 per årsverk. Årskutalet og ytinga var om lag uendra frå 2008, 19,4 årskyr og 6700 kg mjølk per årsku. Arbeidsinnsatsen har òg vore stabil dei siste åra og var i gjennomsnitt 1,7 årsverk. Også for denne gruppa auka produksjonsinntektene, men kostnadsvekst førde til at det vart nedgang i jordbruksinntekta.

Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og sauehald i dei andre bygdene i Rogaland og Agder hadde 22,7 årskyr og produserte 7130 kg mjølk per årsku i 2009. Det er ein auke på 2,4 årskyr frå 2008. Det vart omsett 143 400 liter mjølk. I tillegg hadde produsentane 99 vinterfôra sauer og dei produserte 2400 kg lammekjøt, ein auke på 10 % frå 2008. Prisen på lammekjøt var uendra frå året før, medan mjølkeprisen auka 15 øre. Jordbruksinntekta auka med 11 %, til kr 254 200 per årsverk. Også i denne gruppa er det få bruk, og endringar på enkeltbruk kan derfor gje store utslag.

Driftsoverskotet per bruk var i middel for Jæren kr 504 900 og for Rogaland og Agder andre bygder kr 315 200. Driftsoverskotet skal gje vederlag til familien sitt arbeid i drifta og rente på innsett kapital.

Driftsgranskingane viser at driftsoverskotet frå jordbruket utgjorde 59 % av dei samla inntektene til familien for bruka på Jæren, ein nedgang på tre prosentpoeng frå 2008. Tilleggsnæringar utgjorde 2,5 % og lønsinntekt 29 %. Resten av inntekta er anna næringsinntekt utanom bruket, pensjoner og kapitalinntekter. I resten av Rogaland og Agder utgjorde driftsoverskot frå jordbruket 43 %, ein auke på eitt prosentpoeng frå 2008, frå tilleggsnæringar 9 %, ein nedgang på ett prosentpoeng, og frå skogbruket 2 %. Lønsinntekt utgjorde 34 % av familiens samla inntekter. Resten er anna næringsinntekt, pensjonar og kapitalinntekter.

Nettoinvesteringane på bruka på Jæren auka med nesten kr 100 000 i høve til i 2008, og var i gjennomsnitt kr 271 500. Dei andre bygdene i Rogaland og Agder hadde lågare investeringar i 2009 enn året før og hadde i gjennomsnitt nettoinvesteringer på kr 143 900 per bruk, noko som er kr 7 000 over landsgjennomsnittet. Jæren var den regionen som hadde høgast nettoinvestrering i 2009.

Samla gjeld har i snitt auka med 10 % per bruk, til kr 3 249 700 for bruka på Jæren. Rentekostnaden gjekk ned med kr 37 900 til kr 121 300. For resten av Rogaland og Agder er den gjennomsnittlege gjelda auka med 10 %, til kr 2 327 900, medan rentekostnadene gjekk ned med 18 %, til 87 100.

Maksimalt jordbruksfrådrag var kr 142 000 i 2009. Tek ein omsyn til inntektsverknad av jordbruksfrådraget, vert den skattekorrigerte jordbruksinntekta for bruka frå Jæren kr 306 000 per årsverk. For dei andre bruka i Rogaland og Agder vert skattekorrigert jordbruksinntekt kr 245 400 per årsverk. Inntektsverknaden av jordbruksfrådraget utgjorde 24 800 per årsverk på Jæren og 27 000 i dei andre bygdene i Rogaland og Agder. Det er ikkje teke omsyn til inntektsverknaden av jordbruksfrådraget i dei andre resultatmåla frå driftsgranskingane.

Alle dei presenterte resultata er middeltal frå større grupper av bruk. Mindre grupper er ikkje presenterte her, men er med i gjennomsnittstala. Det er stor spreiing i materialet, noko som ikkje kjem fram her. Middeltala for dei 128 bruka i Agder og Rogaland gjev likevel ein god peikepinn på korleis den økonomiske utviklinga for jordbruket har vore.

Sjå separat tabell med nøkkeltal for 2008 og 2009.

Bilde
Jordbruksinntekt per årsverk à 1845 timar i perioden 2000-2009

I tillegg til opplysningene i dette oppslaget, har NILF på Internett også mye annen informasjon om driftsgranskingene 2009.

For meir detaljerte opplysninger, kontakt Heidi Knutsen.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 08.12.2010