Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Byråkrati og laber økonomi får bønder til å slutte med økologisk drift

Tips en venn Skriv ut

Byråkrati og laber økonomi får bønder til å slutte med økologisk drift

Bilde
 

Kva er årsakene til at bønder gjev opp økologisk drift? Kva kjenneteiknar dei som legg liten eller stor vekt på dei forskjellige årsakene til å slutte? Forskarar ved NILF og Bioforsk Økologisk har sett på desse spørsmåla i ein nyleg publisert artikkel i tidsskriftet Journal of Environmental Management.

Styresmaktene i Noreg ynskjer større produksjon av økologisk mat, men veksten blir hemma av at mange bønder sluttar med økologisk drift. Denne studien viser fire gongar så stor sjanse for at dei som gjev opp økodrifta vil fortsetje å drive garden enn at dei legg ned. Eit lite fleirtal av dei som fortset, driv no konvensjonelt. Overraskande mange driv etter økologiske prinsipp, men utan å vere innmeldt i og godkjent av det norske sertifiseringsorganet Debio. Desse brukarane kan ikkje marknadsføre varene sine som økologiske og får heller ikkje økologiske pristillegg eller tilskot til økologisk landbruk.

Dei usertifiserte «økologane» sel mykje meir enn dei andre gjennom direkte sal til forbrukar, medan dei som vender attende til konvensjonell drift hadde minst part av jorda i økologisk drift.

Brukarane opplyste at ei rekkje forhold knytt til reguleringar og økonomi var viktigaste årsaker til å gje opp økodrifta. Personlege og sosiale forhold betydde lite. Driftsmessige problem var heller ikkje av dei viktigaste, men fleire kunne òg fortelje at ugraset hadde teke overhand.

Husdyrbrukarar la større vekt enn plantedyrkarar på både reguleringsbyrde og økonomi som årsaker til å slutte. Økonomien vart òg sett på som eit større problem dess meir nyleg ein hadde lagt om til økologisk drift, antakeleg fordi nyare økobønder ofte er meir pragmatiske og økonomisk orienterte enn dei som var tidlegare ute. Dette kan gje større vilje til å droppe økojordbruket om lønsemda vert svakare enn ein såg føre seg.

Spesialiserte gardsbruk strevde òg med reguleringar og økonomi. Kanskje ei meir allsidig drift kunne ha dempa desse problema og gjort det enklare å halde fram med økodrifta?

Kva kan styresmaktene gjere for at bønder betre kan takle dei viktigaste årsakene til å slutte med økodrift? I artikkelen drøfter forfattarane om midlane frå statskassa til økologisk gardsdrift kan bli nytta på andre måtar og korleis byråkratiet og papirarbeidet kan bli lettare å hanskast med for økologiske bønder.

Artikkelen «Norwegian farmers ceasing certified organic production: Characteristics and reasons» byggjer på ei spørjeundersøking blant tidlegare og noverande økologiske bønder og er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Journal of Environmental Management. Arbeidet er ein del av prosjektet Reasons for opting out of certified organic production in Norway.

Sjå òg Byråkrati kveler det økologiske landbruket.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Ola Flaten.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 29.09.2010