Aktuelle tema
«Human Economy»
Tips en venn Skriv utProfessor emeritus John M. Bryden, som har ei deltidsstilling i NILF, har bidratt med eit kapittel i den nye boka Human Economy: A Citizens Guide, utgjeve av Polity Press. Boka blei lansert i Noreg 3. desember 2010.

Boka er meint å skulle sjå på økonomien i etterdønningane av den internasjonale finanskrisa, som gav den rådande neoliberalismen ein knekk. Forfattarane meiner at ein meir menneskeleg økonomi allereie eksisterer, men at ein i framtida bør bygge vidare på dei initiativa som no finst. Dei oppmodar om å bruke ein «bottom-up» og lokalt basert tilnærming til økonomien. Boka er eit resultat av eit prosjekt som byrja for ti år sidan, og som spann ut i frå det første World Social Forum i Porto Alegre.
I sitt kapittel utforskar Bryden begrepet «lokal utvikling» både konseptuelt og i praksis. Han relaterer begrepet «lokal utvikling» til liknande begrep som mellom anna «bottom-up» utvikling og endogen utvikling, og argumenterer for at det starta som ei sosial rørsle i opposisjon til globalisering og den sentraliserte staten. Etter 1970-tallet blei lokal utvikling likevel eit statleg prosjekt, som forankra seg i eigne lokale utviklingsprogram. Han stiller spørsmål om kvifor statane støttar slike programmer, og presenterer fleire mogelege forklaringar. Til slutt foreslår han nokre element for eit «lokalt utviklingsmanifest», for verda etter finanskrisa.
Boka er delt opp i fem overordna tema: «World Society», «Economics with a Human Face», «Moral Politics», «Beyond Market and State» og «New Directions».
Redaktørane er Keith Hart, Jean-Louis Laville og Antonio David Cattani, men med ei rekke andre bidragsytarar.
For meir detaljerte opplysningar, kontakt John Bryden.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 21.12.2010
