Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Usikkerheit omkring utviklinga i internasjonale prisar på jordbruksråvarer

Tips en venn Skriv ut

Usikkerheit omkring utviklinga i internasjonale prisar på jordbruksråvarer

Bilde
 

Kva påverkar prisutviklinga?

Utviklinga i internasjonal økonomi, folkeauke og endra forbruksmønster er alle faktorar som påverkar jordbruksmarknadene. Energimarknaden er også tett knytt til dei internasjonale råvareprisane på mat, og utviklinga i bruk av bioenergi får stadig større betyding for matvaremarknaden. Verdas matsikring og utviklinga i Kina og India er også viktig for den framtidige prisutviklinga for jordbruksråvarer.

Kva har skjedd og kva vil skje?

Prognosar for fleire varer viser eit prisfall fram til 2010/2011, men det er usemje mellom aktørane om kor lågt prisane vil falle og kor lenge prisnedgangen vil vare. Dei langsiktige prisane er for dei fleste varene forventa å ligge noko høgare enn dei gjorde ved slutten av 2008 og starten av 2009.

Sentrale faktorar som økonomisk utvikling, olje- og energiprisar og verdas totale mattilbod blir spesielt viktige framover. Notatet Aukande usikkerheit omkring prisar på internasjonale jordbruksråvarer tar for seg historiske prisar og framskriving av prisar fram mot 2018. Fleire detaljar omkring kveite-, mais-, ris-, sukker- kjøt-, olje- eller meieriprisar finst i dette notatet. I tillegg kan du lese om endra forbruksvanar i Kina, utvikling i gjødselprisar og urbanisering.

For mer detaljerte opplysninger, kontakt Mads Svennerud eller Julie Hval.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 16.10.2009