| Stor framgang for vestlandsbonden
År 2007 var eit godt år for jordbruket på Vestlandet. Underdekning på mange matvarer nasjonalt og internasjonalt gav spesielle marknadsforhold og høgare prisar til produsenten. Prisauken var mellom 5 % og 17 %. I tillegg vart det opna for å produsere 10 % over kvote for mjølkeprodusentane.
Produksjonsinntektene auka med 10 % i forhold til året før og med ein moderat kostnadsauke på omlag 5 %, førte det til det beste driftsoverskotet på 10 år. Driftsoverskot per bruk i snitt på Vestlandet i 2007 låg på kr 266 000, og var 25 % høgare enn i 2006. Vestlandsbonden ligg framleis under landsgjennomsnittet med tanke på lønsemd. Det skuldast i hovudsak at desse bruka er mindre i areal og produksjonsomfang.
Avlingane for fruktbøndene var mindre i 2007, men høge prisar gav om lag uendra resultat frå året før. Den største resultatframgangen finn vi blant husdyrprodusentane, og særleg på bruk med innslag av svin. Kombinasjonen mjølk og svin hadde ein auke i driftsoverskotet på heile 41 %, og låg på kr 536 400 i middel per bruk.
Bruk som driv med mjølk/storfekjøt hadde noko mindre auke på 20 % i forhold til året før, men likevel oppnådde dei det beste resultatet i løpet av dei siste 10 åra.
Det var dei store bruka med areal over 200 daa som fekk best nytte av gode marknadstilhøve, og dermed hadde den største framgangen i driftsresultat.
Lønsevne per time i snitt per bruk var i 2007 kr 83, det var ein auke på over ti kroner per time frå 2006 trass i stor renteauke. Av dei presenterte driftsformene kom mjølk/svin best ut med kr 106 per time.
Renteauken dempa litt på investeringslysten på Vestlandet. Nettoinvestering gjekk ned med 39 %, men nivået ligg ganske høgt med kr 48 700 i gjennomsnitt per bruk. Det tyder på optimisme for framtida. Det er i hovudsak mjølkebønder som har investert i bygningar.
I notatet Økonomien i jordbruket på Vestlandet - Trendar og økonomisk utvikling siste tiåret, 1998-2007 er det presentert økonomisk resultat for vestlandsbruka, det vil seie Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Notatet er henta frå NILFs Driftsgranskingar i jordbruket som er ein årleg statistikk basert på rekneskap og opplysningar frå eit tilfeldig utval av gardsbruk frå heile landet. I 2007 var det totalt 902 bruk med i undersøkinga. Av desse var 168 bruk frå Vestlandet.
For mer detaljerte opplysninger, kontakt Anastasia Olsen.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 18.03.2009 |