| Økonomiske verkemiddel kan gje auka storfekjøtproduksjon
Noreg har hatt større forbruk enn innanlandsk produksjon av storfekjøt dei siste åra. Samtidig har det vorte færre kyr og dermed færre kalvar for kjøtproduksjon. I prosjektet Tilpassing på norske mjølkebruk - konsekvensar for mjølke-, kjøt-, korn- og kraftfôrproduksjon, arealbruk og sysselsetting har ein sett på utviklinga i storfehaldet dei siste åra og på tiltak for å auke produksjonen av storfekjøt.
Noreg har stor kjøtproduksjon per ku samanlikna med mange andre land, men det er mogeleg å auke kjøtproduksjonen på tilgjengelege kalvar noko. For å få ein enda større auke i produksjonen, er det naudsynt med fleire kyr, anten mjølkekyr eller ammekyr.
Auka kjøtpris og større produksjonstilskot til mjølkekyr og ungdyr stimulerer til lågare mjølkeavdrått og fleire mjølkekyr enn det som er lønsamt ved lågare pris og tilskot. Effekten av desse tiltaka vil vere avhengig av fleire faktorar, t.d. om det er ressursar (areal, båsplassar osb.) som produsentane enkelt kan ta i bruk, eller om det er sterk konkurranse om ressursane. Di betre lønsemda er i alternative produksjonar, di dyrare er det å auke kjøtproduksjonen.
Hovudvekta i prosjektet var lagt på tilpassingar på mjølkebruk, men dei kunne ha ammekyr i tillegg til mjølkekyr. Endringar i tilskotsordningane i jordbruksoppgjeret i 2008 stimulerte spesialisert kjøtproduksjon i kombinasjon med mjølkeproduksjon.
Høgare mjølkeavdrått og færre kyr kan gje behov for mindre grovfôr og meir kraftfôr, delvis av importert råstoff. Det kan bli «ledig» grovfôrareal, eller ein kan redusere intensiteten i grovfôrdyrkinga.
Prosjektet var eit brukarstyrt innovasjonsprosjekt med GENO som administrativt ansvarlig institusjon og med Tine, Nortura, Norske Felleskjøp og NILF som samarbeidspartnarar. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, forskingsmidlar over jordbruksavtalen og dei fire samyrkeorganisasjonane.
Resultata frå prosjektet er publiserte i rapporten Produksjonsendringar på mjølkebruk - konsekvensar for kjøtproduksjon og ressursbruk.
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Agnar Hegrenes (NILF) eller Lars Skramstad (GENO).
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 20.11.2009 |