| Jærbønder med høgast jordbruksinntekt i 2007
Høve til å auke mjølkeproduksjonen, generell produksjonsauke og auke i mjølke- og kjøtprisen er hovudårsak til at bøndene på Jæren fekk ein god inntektsauke i 2007. Spesielt gav kombinasjonen mjølk og svin eit godt resultat. Dette kjem fram i notatet Økonomien i jordbruket i Agder-fylka og Rogaland 2007 som no er klart.
Året 2007 gav eit godt økonomisk resultat for jordbruket over heile landet. Årsakene til dei gode resultata var fleire. Av det som bør nemnast, var høve til å auke mjølkeproduksjonen med inntil 10 % utover mjølkekvoten fordi det var mangel på mjølk mot slutten av året. Endring av kvoteåret for levering av mjølk frå å følgje kalenderår til å gjelde frå 1. mars påverka mjølkeprisen positivt ved at ingen vart trekte for overproduksjonsavgift i 2007. Gode marknadstilhøve for alle viktige produkt gjorde det også mogeleg å ta ut auke i målprisane i auka prisar til produsenten. Produksjonskostnadene auka i mindre grad enn produksjonsinntektene.
Figuren under viser jordbruksinntekta for Jæren, Agder og Rogaland andre bygder og heile landet. Den viser at jordbruksinntekta for bøndene i Agder og Rogaland andre bygder ligg under gjennomsnittet for Jæren og landet i perioden 1998 til 2007. Men vi ser at jordbruksinntekta siste året har auka vel så bra i Agder og Rogaland andre bygder som i resten av landet.
| | | | Figur 1. Utvikling i jordbruksinntekt 1998-2007. |
Resultata for bøndene på Jæren med mjølk og svineproduksjon viste ein auke på 53 % på jordbruksinntekta frå 2006. Resultata for bøndene i Agder-fylka og Rogaland var også gode, spesielt for mjølkeproduksjonen med ein auke på jordbruksinntekta med 24 %. Figuren under viser ei oversikt over endringa i lønsevna per time gjennom 10 år for dei mest aktuelle produksjonane på Jæren og i Agder og Rogaland andre bygder.
| | | | Figur 2. Utvikling i lønsevne per time 1998-2007. |
Nettoinvesteringane gjekk ned frå kr 167 600 i 2006 for bruka på Jæren til kr 107 800, men dei er framleis langt over landsgjennomsnittet som er på kr 54 500. I Agder og Rogaland andre bygder auka gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk frå kr 65 200 til kr 131 600, og var med det den regionen i landet med høgast nettoinvestering i 2007.
Samla gjeld auka meir i Agder og Rogaland andre bygder enn på Jæren. På Jæren utgjorde gjelda per bruk kr 2 793 500 mot kr 1 899 200 i Agder og Rogaland andre bygder.
I notatet Økonomien i jordbruket i Agder-fylka og Rogaland. Trendar og økonomisk utvikling 1998-2007. Tabellsamling 2003-2007 er det presentert økonomiske resultat frå Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder for perioden 1998 til 2007, fordelt i områda Jæren og Agder og Rogaland andre bygder. Resultata i notatet er henta frå NILFs driftsgranskingar i jord- og skogbruk som er ein årleg statistikk basert på rekneskap og opplysningar frå eit tilfeldig utval av gardsbruk frå heile landet. I 2007 var det totalt 902 bruk med i undersøkinga. Av desse var 49 frå Jæren og 82 frå Agder og Rogaland andre bygder.
For mer detaljerte opplysninger, kontakt Irene Grønningsæter.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 19.03.2009 |