| EU lyser ut 1,65 milliardar kroner til forsking på mat og bio
Dei 1,65 milliardane skal nyttast til forsking innan landbruk, mat, fiskeri og bioteknologi. Potten er delt opp i fire tema, berekraftig utvikling og forvalting av naturressursar frå jord til bord: mat, helse og velferd, biovitskap, bioteknologi og berekraftig produksjon av ikkje-næringsprodukt og andre aktivitetar. Utlysinga kjem som eit ledd i den store internasjonale forskingssatsinga i det 7. rammeprogrammet til EU (Seventh Framework program, FP7).
Forskingsrådet oppfordrar forskarar i Noreg til å delta i EU-forskinga for å sikre Noreg verdifull tilgang på forskingsresultat og kunnskapar. 31. august 2009 arrangerar Forskingsrådet eit seminar med informasjon om EUs 7. rammeprogram.
Meir informasjon om det sjuande rammeprogrammet til EU:
Sjå også EU, Seventh Research Framework Programme (FP7), Food, Agriculture and Fisheries, and Biotechnology Calls: FP7-KBBE-2010-4.
Sjå også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 12.08.2009 |