| Bonden i Hordaland etterspør praktiske tenester
Ei kartlegging av kva tenester gardbrukarane kunne tenkja seg å kjøpa, viste ei rad aktuelle oppgåver. Etterspurnaden var særleg stor til praktiske gjeremål, mindre til administrative tenester utanom rekneskapsføring. Det syner ein studie i Hordaland som har kartlagt etterspurnad etter opplæring og tenester, samt hindringar og framtidsutsiktar for bønder i fylket.
Ønskjer om opplæring var i hovudsak knytt til eksisterande landbruksproduksjon. Det var ulike ønskje i ulike regionar. Interessa for opplæring innan fruktdyrking var størst i fruktstroka og interessa for mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjon var størst i kommunane med stor mjølkeproduksjon Ønskje om opplæring innan tilleggsnæringar uttrykte eit tradisjonelt kjønnsmønster. Kvinner hadde større interesse for opplæring innan Inn på tunet, besøksgard og gardsbarnehage. Menn hadde større interesse for opplæring innan enklare driftsformer som husdyr, bioenergi og minikraftverk.
Av åtte potensielle hindringar for å utvikla eigedommane kom finansiering og usikre rammevilkår ut som dei aller største hindringane. Dernest kom tilgang til areal, tilgang til arbeidskraft og omstendelege byråkratiske prosessar. Her var det regionale skilnader. I regionar kor nedgangen i tal bruk har vore størst, i Sunnhordland og Nordhordland, kryssa noko overraskande kvar tredje respondent av arealtilgang som ei stor hindring for å utvikla eigedommen. Når det gjaldt tilgang til arbeidskraft, var det særleg problematisk i Hardanger.
Dei aller fleste som svarte på undersøkinga, vil halda fram med gardsdrift. Fleire ønskjer å utvida drifta, inkludert satsing på eit breitt spekter av tilleggsnæringar.
Undersøkinga vart gjennomført av fylkesmannen i Hordaland og føremålet var å kartleggja gardbrukarane sine eigne preferansar. NILF stod for analyse og publisering. Resultat frå undersøkinga finn du i notatet Ønskje om opplæring, kjøp av tenester, framtidsutsikter og hindringar for bønder i Hordaland som bør ha stor interesse i samband med at fylkeskommunane overtek ansvaret for opplæring og kompetanseutvikling av landbrukssektoren frå 1. januar 2010. Svarprosenten var låg så ein må tolka resultata med varsemd.
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Arild Spissøy.
Se også oversikt over andre forsidesaker.
Publisert 25.11.2009 |