Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Auke i etterspurnaden etter eple til ferskpressa jus

Tips en venn Skriv ut

Auke i etterspurnaden etter eple til ferskpressa jus

Bilde

Innhaldet av norske eple i eplekonsentrat til den norske industrien er redusert frå 50 % i 1994 til under 10 % i 2007. Samstundes har etterspurnaden etter eple til ferskpressa jus for høgprissegmentet auka.

Presseple er tradisjonelt eit avfallsprodukt frå konsumproduksjon av eple. Produksjonen innlands varierer mykje frå år til år, og er liten i forhold til forbruket av epleråvare til industrien. I 2007 var 8 % av konsentrat til jus norsk råvare.

Mangel på råvarer til industri og småprodusentar av ferskjus har medført gode prisar til epleprodusentar enkelte år. Produsenten må ha 5 kr pr kg for epla for å oppnå brukbar økonomi ved maskinhausting, medan prisen må over 6 kr dersom epla vert hausta for hand.

Tradisjonelt har industrien i Noreg nytta norske eple frå konsumproduksjon som råvarer. Det har vore eple som ikkje held klasse 1 kvalitet eller eple som er regulerte ut frå marknaden på grunn av for stor produksjon, eller av sortar som ein ikkje ønska på konsummarknaden. Dette har medført at konservesindustrien har fått svært ujamn tilførsle av råvarer, og i nokre år har det vore svært liten tilgang på norske industrieple. Dette er ikkje tilfredsstillande for industrien.

Dessutan er det ønskjeleg å auke innslaget av norske eple i jus og nektar. I 1994 var det om lag 50 % norske eple som var nytta av industrien, medan det i dag er mindre enn 10 %. I 2007 var registrert forbruk av konsentrat 8300 tonn, medan den norske produksjonen var på 550 tonn.

Konservesordninga av 2002 inneber at industrien skal ta imot alle norske presseple mot å få tollfri import på resten. Marknaden for industriprodukt basert på eple, har auka vesentleg dei siste åra, mens tilgangen på norske presseple har variert mykje mellom år, og vore svakt minkande over tid. Det har medført at ein stadig mindre del av industriepla er norskproduserte.

Dette kjem fram i ei utgreiing gjennomførd av NILF og Bioforsk på oppdrag frå Statens landbruksforvaltning. Oppdraget i utgreiinga var å vurdere om det var mogleg å auke epleproduksjonen til industriell foredling i Noreg.

Utgreiinga ligg no føre i rapporten Vurdering av produksjon av eple til industri.

Ved spørsmål kontakt Torbjørn Haukås.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 28.01.2009