| Verdiskaping i jordbruket i Aust- og Vest-Agder
På oppdrag for Fylkesmennene i Aust- og Vest-Agder har NILF kartlagt verdiskapinga i jordbruket i Agder-fylka. Verdiskapinga i jordbruket i Aust-Agder og Vest-Agder er berekna til 332 millionar kroner i 2006. Omsetninga i jordbruket er på tilsamen over ein milliard kroner, kor marknadsinntekter står for 70 %.
Jordbruket i Agder er allsidig. Ved sida av husdyrproduksjon er hagebruk ei viktig næring og står for om lag 25 % av verdiskapinga i fylka.
Agder-fylka har det meste av busettinga konsentrert i eit belte langs kysten. Fylka er små, men geografisk er det store variasjonar. Her er høgfjell med vidder, kyst med tusenar av øyar og holmar, djupe fjordar og skogkledde dalar, og jordbruksområde.
Berggrunnen i kommunane har lite lausmassar, og består i all hovudsak av granitt og gneis. Dette er årsaka til at berre ein liten del av arealet i fylka er dyrka jord. Trass dei naturgjevne tilhøve er det registrert næringsverksemd i jordbruk i samtlege kommunar i Aust- og Vest-Agder. Jordbruket er ei viktig næring for mange kommunar i Agder og viktig for busetnad i alle bygder. På grunnlag av dette er jordbruket ein viktig faktor for å oppretthalde infrastruktur og tenestetilbod i mange bygdesamfunn.
Vest-Agder har meir jordbruksareal enn Aust-Agder, og i Farsund kommune finn ein marine lausavsetningar som forklarer mykje av den høge jordbruksaktiviteten på Lista. Aust-Agder har eit gunstig klima og i kyststrøka har klimaet, saman med gunstig topografi, gjeve gode forhold for jordbruk. Her er det allsidig planteproduksjon med eit stort innslag av hagebruk.
Farsund kommune har med 29 mill. kroner den største verdiskapinga i jordbruket i Vest-Agder, og er kommunen med størst mjølkeproduksjon. I Aust-Agder er det planteproduksjon, ved sida av husdyrproduksjon som dominerer jordbruksverksemda. Grimstad kommune har den høgste verdiskapinga med 53 mill. kroner.
Agder-fylka har høgare innslag av bruk med tilleggsnæring samanlikna med resten av landet. Tilleggsnæring er generelt viktig for landbruket i Agder, spesielt for enkeltbruk. Resultata viser at Aust-Agder har ei berekna verdiskaping i tilleggsnæring på 25 mill. kroner og Vest-Agder 40 mill. kroner.
Meir om dette kan lesast i Verdiskaping i jordbruket i Aust- og Vest-Agder-Innhold
Sjå også oversikt over andre framsidesaker.
Publisert 23.04.2008 |