Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Utsyn over norsk landbruk 2008 ligg føre

Tips en venn Skriv ut

Utsyn over norsk landbruk 2008 ligg føre

Bilde

Ei ny utgåve av Utsyn over norsk landbruk - tilstand og utviklingstrekk ligg nå føre. Utsynet er ein årleg publikasjon som gjev eit oppdatert oversiktsbilete over utviklinga i norsk landbruk, med tal for produksjon, forbruk og omsetning av jordbruksvarer i Noreg. Boka gjev samtidig ei enkel innføring i relevante landbrukspolitiske problemstillingar og opplysningar om produksjonsgrunnlaget for norsk jord- og skogbruk.

Utsyn over norsk landbruk er skrive for ei brei gruppe lesarar - frå dei som treng ei innføring i generell kunnskap om landbruk, til personar som treng eit oppdatert oppslagsverk. Lesaren vert mellom anna kjend med hovudavtalen for jordbruket og jordbruksoppgjeret frå inneverande år. I tillegg til stoff om nasjonale rammetilhøve, inneheld Utsynet også ei oversikt over internasjonale tilhøve som har innverknad på norsk landbruk.

Utsynet inneheld i år ti korte temaartiklar som presenterer aktuelle emne som mellom anna strukturutvikling og politiske målsettingar, gjeldsutvikling i norsk landbruk, omstilling i matindustrien, endringar i forbruk av sunne og usunne matvarer og haldningar til landskapsvern. Som ei «smaksprøve» på temaartiklane i boka, kan du her lese eit utdrag frå Utsynet om gjeldsutvikling i norsk landbruk.

Sjå heile innhaldsfortekninga for Utsyn over norsk landbruk 2008.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 13.10.2008