Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Store skilnader i økonomi i fruktdyrkinga

Tips en venn Skriv ut

Store skilnader i økonomi i fruktdyrkinga

Bilde

Bløming i Hardanger (Ane Margrete Lyng)

 

NILF har følgt tre fruktdyrkarar i Hardanger gjennom tre og fire år, der ein har prøvd å finne ut kva artar eller fruktsortar som gjev best økonomisk avkastning. Resultata frå undersøkinga viser at eple er mest lønsame mellom artar, og ved val av eplesort gav Discovery best økonomisk resultat.

I åra 2003 til 2006 har NILF gjort grundige registreringar hjå tre fruktdyrkarar i Hardanger. Dyrkarane har registrert alle arbeidstimar ned til sortsnivå, og ved hjelp av desse registreringane, saman med rekneskapstal og avlingar, har vi kome fram til to ulike økonomiske parametrar, dekningsbidrag I og II. Både dekningsbidrag I og II er produksjonsinntekt minus variable kostnader. For dekningsbidrag II er i tillegg kostnaden ved arbeid òg trekt i frå.

Før arbeidskostnader viser søtkirsebær best lønsemd mellom artane, med eit overskot på kr 19 300 per dekar. Eple og plommer gav rett i overkant av kr 10 000 per dekar, medan pærer gav kr 7600 per dekar.

Arbeidskostnaden er ein stor kostnadspost i produksjonen av frukt. Arbeidskrevjande artar som søtkirsebær og plommer viser eit resultat etter arbeidskostnader på kr 800 og kr 200 per dekar, medan ved produksjon av eple og pærer som er mindre arbeidskrevjande, sit ein igjen med kr 3600 og 3000 per dekar

Likeeins tar undersøkinga for seg resultat før og etter arbeidskostnader på sortsnivå for dei ulike artane. For eple gjev Discovery best resultat per dekar før arbeidskostnader med kr 13 400, medan lågast resultat gav Quinte med kr 4000 per dekar.

Etter at arbeidskostnader er trekte frå, gjev Discovery best resultat med kr 7400. Lågast resultat gjev eplesortane Raud Prins og Quinte, med høvesvis minus 1900 kr og minus 1700 kr per dekar.

Meir om økonomien i fruktdyrking og forskjellar på sortsnivå når det gjeld andre artar, kan lesast i Eple eller pærer? Aroma eller Gravenstein? - spesialgransking på tre bruk i Hardanger-Innhold

Ved spørsmål kontakt Rune Ommedal.

Sjå også oversikt over andre framsidesaker.

Publisert 04.03.2008