Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Framgang for fruktbøndene på Vestlandet i 2006

Tips en venn Skriv ut

Framgang for fruktbøndene på Vestlandet i 2006

Bilde
 

Resultata frå den årlege rekneskapsundersøkinga av økonomien på Vestlandet viser at 2006 var eit godt år for fruktdyrkarane. Det var òg framgang for sauebøndene sjølv om dei hadde eit svakt utgangspunkt.

NILFs Driftsgranskingar i jordbruket er ein årleg statistikk tufta på rekneskap og opplysningar frå eit tilfeldig utval av gardsbruk frå heile landet. I 2006 var det totalt 912 bruk med i undersøkinga. Av desse var 168 bruk frå Vestlandet.

Driftsoverskot per bruk på Vestlandet låg i gjennomsnitt på same nivå som i 2005, og var på kr 211 000. Det var auke i produksjonsinntektene, men auka kostnader mellom anna på kraftfôr og leasing, medførte om lag uendra resultat.

2006 var et godt år for fruktbøndene. Høg avling og bra prisar førte til auka lønsemd. Jordbruksinntekt per årsverk på kr 168 500, ein auke på 43 % frå 2005, var det høgaste i siste tiårsperioden.

Sauebruka på Vestlandet er små og har generelt svakare økonomi enn sauebruk elles i landet. Likevel ser vi ein liten auke i jordbruksinntekter per årsverk for femte året på rad. Årsaka til denne utviklinga er auke i produksjonsomfang, prisauke på sau- og lammekjøt kombinert med moderat kostnadsauke.

Resultatet for mjølkeprodusentane var om lag uendra frå 2005 til 2006. Produsentar med mjølk kombinert med svin har størst nedgang i resultata i 2006. Stor kostnadsauke førte til ein nedgang i jordbruksinntektene på kr 46 000 til kr 148 300 per årsverk

Driftsoverskotet frå jordbruket utgjer ein stadig mindre del av den totale inntekta til jordbruksfamilien. I 2006 kom 41 % av familieinntekta frå jordbruket. Resten av familieinntektene kjem frå lønsarbeid, pensjonar og sjukepengar, kapitalinntekter og andre næringar.

Svak lønsemd og auke i rentenivå har ikkje dempa investeringslysten hjå vestlandsbøndene. Investeringsnivået i jordbruket på Vestlandet var lågare enn gjennomsnittet for landet, men var likevel tredobla i forhold til 2005. Dei høgaste investeringane finn vi blant mjølkeprodusentane. I gjennomsnitt var nettoinvesteringane for denne gruppa på kr 135 000 per bruk.

Trass i stor investeringslyst i 2006, har vestlandsbonden lågast gjeldsnivå i landet. Gjennomsnittleg gjeld var kr 950 000 per bruk, som gjer ein gjeldsprosent på 40. Høgast gjeld har produsentar med kombinert mjølk/svin, medan frukt- og sauebøndene på Vestlandet har den lågaste gjeldsprosenten.

Meir om dette kan lesast i Økonomien i jordbruket på Vestlandet. Trendar og økonomisk utvikling siste tiåret, 1997-2006. Økonomi og arbeidsforbruk på sortsnivå i fruktdyrkinga. Økologisk mjølkeproduksjon-Innhold

Ved spørsmål kontakt Torbjørn Haukås.

Sjå også oversikt over andre framsidesaker.

Publisert 10.03.2008