Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Ekspert på regionale tilhøve tilsett i NILF

Tips en venn Skriv ut

Ekspert på regionale tilhøve tilsett i NILF

Bilde

NILF ynskjer å styrkja sin forskingskompetanse knytt til regionale og distriktspolitiske tilhøve og jordbruket sin plass og betydning i så måte. At vi har lukkast i å få tilsett professor emeritus John Marshall Bryden i ei 20 prosent stilling, er såleis svært gledeleg. Bryden vil ha kontorplass ved NILF sitt hovudkontor i Oslo, og han vil i tillegg til arbeid for NILF også arbeida med eigne forskingstema.

Bryden er professor emeritus ved University of Aberdeen i Skottland, der han var meddirektør for The Arkleton Institute for Rural Development Research. Inntil nyleg var han direktør for University of Highlands and Island PolicyWeb.

John M. Bryden er ein internasjonalt anerkjent ekspert på regional- og distriktspolitiske tilhøve med omfattande vitskapleg publisering. Dei viktigaste forskingsområda hans omfattar regionale og distriktsmessige endringar, regional- og distriktspolitikk, endringar i jordbruket, tilhøvet mellom jordbruket og bygdesamfunnet, bærekraftig utvikling, mangesysleri, tilhøvet mellom by og land, tenestetilbodet i bygdene (distrikta), utvikling av turisme, jordreformar, bruk av mark i bygdene, betydning av tilgang på informasjonsteknologi på bygdene og korleis lokale styresmakter fungerer.

Vi er viss på at professor emeritus John M. Bryden vil vera eit verdifullt tillegg til forskarstaben ved NILF, der han mellom anna vil delta i utvikling av nye forskingsprosjekt og i skriving av artiklar til vitskaplege tidsskrift.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 11.09.2008