| Auka lønsemd på Jæren, nedgang elles i Rogaland og Agder
Frå NILFs Driftsgranskingar i jordbruket er vi no klare med det årlege notatet Økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Tala viser ein klar auke i lønsemda på Jæren og ein om lag like klar nedgang i regionen elles. Utviklinga for svineproduksjonen er god, men mjølkeprodusentane har hatt nedgang i resultat. Gjeldsgraden er aukande. Årets notat tek for seg tema som samdrift, økologisk mjølkeproduksjon og skatt, forutan dei faste postane med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra.
Resultata for økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka er no klare med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret frå 1997 til 2006, og tabellsamling for 2002-2006. I den årlege undersøkinga har vi i 2006 med i alt 80 bruk frå Rogaland og 53 bruk frå Agder. Bruka frå Rogaland og Agder er delt inn i to regionar, Jæren og Agder og Rogaland andre bygder. Hovudtendensane er at svinehaldet på Jæren gav eit godt resultat for 2006 samanlikna med 2005, og at det var nedgong i resultata for mjølkeprodusentane i begge regionane. Årets notat tek for seg tema som samdrift, økologisk mjølkeproduksjon og skatt, forutan dei faste postane med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra.
Driftsoverskotet per bruk for regionane var i gjennomsnitt på kr 215 000 for Agder og Rogaland andre bygder i 2006. Dette er ein nedgong på nesten 8 prosent. Tilsvarande tal for Jæren var kr 379 000, som er ein auke på om lag 12 prosent.
Jordbruksinntekta, målt i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, var på kr 216 000 for Jæren. Dette var ein auke på om lag 11 prosent frå 2005. Tilsvarande tal for Agder og Rogaland andre bygder låg på kr 155 000, som er ein nedgong på nesten 5 prosent frå 2005.
Driftsforma med kombinasjonen svin- og mjølkeproduksjon oppnådde den beste jordbruksinntekta for begge regionane. Deretter kom grønsaksbøndene i Agder tett følgt av kombinasjonsbruka med mjølk og sau. Mjølkeproduksjon, som er den dominerande produksjonen i både Rogaland og Agder-fylka, viser ein nedgang i jordbruksinntekta frå 2005 til 2006.
Gjelda for regionane har i snitt auka 150 prosent på Jæren, 80 prosent i Agder og Rogaland andre bygder og 71 prosent i heile landet i løpet av dei siste 10 åra. Gjelda på Jæren vart i gjennomsnitt på kr 2 657 000 i 2006 og i andre bygder vart tilsvarande tal kr 1 613 000. Gjeldsprosenten vart i gjennomsnitt 56 prosent for Jæren og 51 prosent for Agder og Rogaland andre bygder.
Nettoinvesteringane har dei tre siste åra vore høge på Jæren og noko mindre i Agder og Rogaland andre bygder. Sjølv med ei negativ nettoinvestering i den største driftsforma, mjølk/storfe, vart dei stor positiv nettoinvestering på Jæren i 2006. Agder og Rogaland andre bygder har halde seg på eit jamnare nivå i heile 10-årsperioden.
I kapittelet om samdrifter kjem det fram at bruka frå Rogaland/Agder har ei betre avling enn snittet for resten av landet. Gruppa har òg fleire årskyr, færre timar per årsku, færre arbeidstimar i jordbruket, høgare pris per liter mjølk og kg kjøt, og dei har totalt høgare inntekter frå husdyrprodukt. Men som følgje av mellom anna soneinndelinga og mindre areal, ser vi at tilskota er lågare. Dei har høgare kostnader totalt, og kjem derfor i dette tilfellet ut med eit nesten likt driftsoverskot som snittet for heile landet.
For rekneskapsåret 2006 vart det gjort ei ekstra undersøking på økologisk mjølkeproduksjon. Bruka er sortert etter driftsoverskot per liter mjølk. Resultata frå dei 32 bruka som vart med i undersøkinga, viste at dei bruka som hadde det beste resultatet, var dei bruka som hadde dei høgaste grovfôravlingane og som brukte mest tid i drifta.
I kapittelet om skatt har vi sett nærare på jordbruksfrådraget. I gjennomsnitt for driftsgranskingsbruk i Agder og Rogaland vart skattereduksjonen for 2006 kr 17 000. Den største inntektsverknaden per årsverk fekk kombinasjonen mjølk/sau, minst verknad fekk bruk som driv med grønsaker.
Meir om dette kan lesast i Økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka. Trendar og økonomisk utvikling siste tiåret, 1997-2006. Tabellsamling 2002-2006. Samdrifter, økologisk mjølkeproduksjon og skatt-Innhold
Ved spørsmål kontakt Irene Grønningsæter.
Sjå også oversikt over andre framsidesaker.
Publisert 02.04.2008 |