Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Utsyn over norsk landbruk 2007 ligg føre

Tips en venn Skriv ut

Utsyn over norsk landbruk 2007 ligg føre

Bilde

Ei ny utgåve av Utsyn over norsk landbruk - tilstand og utviklingstrekk 2007 ligg nå føre. «Utsynet» er ein årleg publikasjon som gjev eit oppdatert oversiktsbilete over utviklinga i norsk landbruk, med tal for produksjon, forbruk og omsetning av jordbruksvarer i Noreg. Boka gjev samtidig ei enkel innføring i relevante landbrukspolitiske problemstillingar og opplysningar om produksjonsgrunnlaget for norske jord- og skogbruk.

Utsyn over norsk landbruk er skrive for ei brei gruppe lesarar - frå dei som treng ei innføring i generell kunnskap om landbruk, til personar som treng eit oppdatert oppslagsverk. Lesaren vert mellom anna kjend med hovudavtalen for jordbruket og jordbruksoppgjeret frå inneverande år. I tillegg til stoff om nasjonale rammetilhøve, inneheld «Utsynet» også ei oversikt over internasjonale tilhøve som har innverknad på norsk landbruk.

«Utsynet» inneheld åtte korte temasider som presenterer aktuelle emne som mellom anna konsekvensar av skattereforma, samdrifter i mjølkeproduksjonen, utfordringar ved økologisk mjølkeproduksjon, omfang og verdi av tilleggsnæringar og handteringa av E.coli-utbrotet i Noreg i 2006. Som ei «smaksprøve» på temaartiklane i boka, kan du her lese eit utdrag om utfordringane i økologisk mjølkeproduksjon.

Økologisk mjølkeproduksjon, produksjon, økonomi og utfordringar

Temaartikkel i Utsyn over norsk landbruk - tilstand og uviklingstrekk 2007

Av Ane Margrethe Lyng

Økologisk mjølk er på frammarsj verda over. Til dømes i Storbritannia auka salet av økologisk mjølk med 91 % på eitt år. Økologiske produkt har også blitt ein trend i Noreg, og salet av økologisk mjølk har auka mykje.

Regjeringa har som mål at 15 % av all matproduksjon skal vere økologisk innan 2015. For å nå dette målet, må mellom anna produksjonen av norsk økologisk mjølk auke. I fjor vart det produsert i alt 1500 mill. liter kumjølk, der 26,1 mill. liter var økologisk. Det utgjer 1,74 % av totalproduksjonen, og er ein auke frå 2005 på 0,5 mill. liter.

Ei målsetjing for økologisk produksjon er å oppnå balanse mellom dyretal og areal slik at garden er mest mogleg sjølvforsynt med fôr. Beite og grovfôr er dei viktigaste fôrslaga i økologisk mjølkeproduksjon. Kraftfôrforbruket må ofte reduserast i høve til det som er vanleg innanfor konvensjonell mjølkeproduksjon. Tilpassingar til ei økologisk driftsform, vil derfor kunne krevje at ein justerer mengda mjølk som vert produsert.

Dersom talet på mjølkebønder som legg om til økologisk produksjon skal auke, er det viktig med kunnskap om kva for utfordringar dei kan møte, og kva endringar dei kan vente seg i høve til produksjon og økonomi.

NILF har samla inn produksjons- og økonomidata frå eit utval økologiske bruk for rekneskapsåra 2005 og 2006. Vi gjennomfører i år også ei spørjeundersøking om økologiske mjølkeproduksjon hjå dei bruka som er med i utvalet. Resultata som vert presenterte i denne artikkelen, byggjer på førebels data frå denne spørjeundersøkinga. Fleire resultat frå denne undersøkinga vert publiserte i notatserien til NILF, som er venta ferdig hausten 2007.

Produksjon

Dei økologiske mjølkeprodusentane har ulik erfaring med yting per årsku. Fleirtalet har hatt ein reduksjon i yting etter omlegging. Nokre har inga endring, og nokre få har hatt ei auke i ytinga etter at dei la om til økologisk drift. I Noreg ligg gjennomsnittleg yting for ei økologisk ku på om lag 5000 l mjølk. Gjennomsnittstala skjuler store variasjonar, og økokyrne i vårt materiale produserer frå 5000 l til litt over 7000 l per årsku.

Mange av dei produsentane som før omlegging leverte oksar til slakt, sel no oksane som livdyr medan dei framleis er kalvar. At oksane vert selde som kalvar, kan ha samanheng med fôrgrunnlaget på bruket og at produksjon av storfeslakt er intensiv og kraftfôrkrevjande. Mange av bøndene seier òg at det er betre lønsemd i å berre produsere mjølk ved økologisk drift. Kravet frå DEBIO, om at alle storfe som står på bås, skal luftast, og at alle dyra skal ha tilgang til beite, gjer det utfordrande å fôre fram oksar.

Økonomi

Storparten av dei økologiske produsentane i utvalet seier dei opplevde at økonomien vart betre etter omlegging. Årsaka er betre prisar, meir tilskot og lågare kostnader til kraftfôr og gjødsel. Den økologiske mjølka ligg i snitt 50 øre per l over den konvensjonelle mjølka. Økologisk produksjon utløyser også meir i tilskot, både for areal og for dyr. Dei økologiske bruka må som regel ha større areal enn dei konvensjonelle bruka, for å kompensere for lågare avling, og dei oppnår derfor meir arealtilskot. Økoprodusentane har også ofte god utteljing på andre tilskotsordningar, som til dømast Regionalt Miljøprogram. Det kan tyde på at dei er medvitne på kva tilskotsordningar dei kan søkje på.

Investeringar

På mange av bruka i utvalet var det fysiske miljøet ikkje tilrettelagt for økologisk produksjon, og dei måtte gjennomføre investeringar i samband med omlegginga. Vi finn flest investeringar i kalvebingar, fast liggjeunderlag for ungdyr og luftegard til dyra. Fleire har også investert i beitepussar, og nokre har bygd lausdriftsfjøs med tanke på økologisk drift.

Utfordringar

Vi spurte bøndene kva utfordringar dei møtte i omleggingsfasen. Fleire peikte på haldningar frå naboar og andre bønder i området, som eit problem i startfasen. Nokre sleit med regelverket for økologisk drift og andre med at fagmiljøet var lite på den tida dei la om, og at det var vanskeleg å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon. Av dei som ikkje møtte hindringar i oppstartsfasen, var nokre allereie organisert i eit fellesskap, slik at dei var fleire som la om på same tid.

Utfordringane i den daglige drifta spenner over mykje, og varierar frå bruk til bruk. Bøndene nemner regleverket, den daglige luftinga av dyra, mangel av eit økologisk nærmiljø og at nokre bur i pressområde med trykk på areal frå kommunane. Andre igjen peiker på utfordringar som lukt frå gjødsla, trafikk, herverk og søppel, framleis hets frå naboar, tungdriven jord, leiejord langt unna, lite fritid og dårlig lønnsemd. Fleire understrekar kor viktig det er å vere ein god agronom for å få god avling ved økologisk drift.

Om utfordringar knytt til regelverket nemner nokre at ein blant dei særskilde tilskota til økologisk drift manglar grøftetilskot. Grøfting er ofte nødvendig for å få god nok avling ved økologisk drift, og eit eige tilskot vil gjere det lettare å investere i grøfting. Andre meiner at regelverket til Debio er strengt, mykje strengare no enn i starten. Andre utfordringar som vert nemnde, er kravet om lausdrift frå 2011, lufting av oksar og at kalven skal kunne die mora i minst 3 dagar etter fødselen. Det vert også trekt fram at ramevilkåra for økologisk drift er betre enn for konvensjonell drift, og at regelverket ikkje byr på problem i den daglege drifta.

Sjå full innhaldsfortekning for Utsyn over norsk landbruk - Tilstand og utviklingstrekk 2007-Innhold.

Sjå også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 10.09.2007