| NILF - Verter for europeisk forskermøte
Som partner i prosjektet Towards a Policy Model for Multifunctional Agriculture and Rural Development (TOP-MARD) har NILF vore vertskap for eit møte mellom 28 forskarar frå 11 land i Europa. Møtet fann stad på Sandven Hotel i Norheimsund 26.-30. september 2007.
TOP-MARD er eit treårig prosjekt innan det 6. rammeprogrammet for forsking i EU. Gjennom programmet skal NILF blant anna kartlegge den multifunksjonelle rolla til landbruket og kva verdi landbruket har for distrikta. På kva måte den multifunksjonelle rolla vert påverka av politikk, er også eit sentralt tema i prosjektet.
Med Norheimsund som ramme for arrangementet var NILF glad for å ønskje forskarar innan landbruksøkonomi og distriktsutvikling velkommne. Agendaen for møtet var å diskutere førebelse resultat av feltundersøkingar, ulike politikkscenarium og vidareutvikling av ein analysemodell.
I løpet av våren 2007 er det gjort feltundersøkingar og samla inn data i eit avgrensa område i kvart enkelt land. Hordaland vart valt ut som studieområde i Noreg. Det er gjennomført intervju med både bønder og næringsdrivande. I tillegg er det gjort undersøkingar av livskvalitet mellom ulike grupper. Resultata av feltundersøkingane inngår som komponentar i ein modell som skal bidra til å skildre og framskrive regionale konsekvensar av ulike politiske scenarium. Delar av modellen vart testa under møtet.
Prosjektet skal vere sluttført innan sommaren 2008.
I forlenginga av møtet arrangerte NILF ein ekskursjon/studietur i Hardanger som var støtta av Landbruks-og matdepartementet. Deltakarane fekk eit innblikk i historia i området, forholda for gardsdrift og noko av potensialet som bønder og næringsaktørar ser for utvikling i området. Blant anna vart småskala matprodusentar, gardsrestaurantar, forskingsstasjonen til Bioforsk Ullensvang, museum og aktivitetssenter i området vitja. Dei fekk førstehands historier om korleis lokale entreprenørar hadde bygd opp verksemder basert på ressursar frå landbruket. Forskarane var svært interesserte tilhøyrarar. Vitelysta var stor, så det vart mange spørsmål å svare på for omvisarar og entreprenørar.
Deltakarane på ekskursjonen fekk også smake lokal mat, høyre smekre hardingfeletonar, song og stev. I tillegg fekk dei oppleve Vestlandsnaturen på sitt flottaste i klår, frisk haustluft.
Sjå også oppslag i Nationen om møtet.
Ved spørsmål kontakt Arild Spissøy.
Sjå også oversikt over andre framsidesaker.
Publisert 18.10.2007 |