Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Forsøk på å flytte ein koloss

Tips en venn Skriv ut

Forsøk på å flytte ein koloss

NILF har publisert ein rapport om dei norske medlemskaps­forhand­lingane med EU på landbruksområdet i 1993-94. Lærdomen frå vurderinga er blant anna at ein må ha ei realistisk oppfatning av kva medlemskapsforhandlingar er for noko. Ein søker om medlemskap i ein «klubb» der reglane er bestemt på førehand. Det er viktig å ha ei kvalifisert vurdering av kva som er mogleg å oppnå i ulike forhandlingar, å prioritere strengt og ha evne til å endre posisjonar under vegs i forhandlingane. Det er dessutan viktig å ha ein velfungerande informasjonsstrategi og god kontakt med andre land som deltar i forhandlingar for å få kjennskap til endringar i vurderingane deira.

Bilde

Det vart utan tvil lagt ned ein stor arbeidsinnsats frå norsk side i landbruksforhandlingane i 1993-94. Inntrykket er likevel at forhandlingane frå starten ikkje vart ført med ei klar nok forståing av innhaldet i medlemskapsforhandlingar og den strukturelle ubalansen som er til stades i slike forhandlingar. Det er vanskeleg å oppdage ein klar forhandlingsstrategi på norsk side i landbruks­forhandling­ane. Det var også manglande politisk leiarskap i prosessen.

På norsk side var ein ikkje tilstrekkeleg i stand til å gjere nødvendige prioriteringar og endringar av posisjonar under vegs i forhandlingane. Ei sterkare prioritering av gradvis pristilpassing frå norsk side kunne kanskje ført til eit betre forhandlingsresultat på dette viktige området for norsk landbruk og næringsmiddelindustri. Ei vurdering i rapporten er at landbruk hadde andre prioritet i forhold til fisk frå norsk side i medlemskapsforhandlingane. Eit godt forhandlingsresultat på fisk vart sett på som heilt sentralt for å få ja i den norske folkerøystinga i november 1994. Derimot var det allereie før den avsluttande forhandlingshelga i februar/mars 1994 klart at det ikkje ville bli stilt ultimatum frå norsk side i forhandlingane på spørsmålet om gradvis pristilpassing for landbruksvarer.

Balansen mellom ein offentleg debatt om medlemskap og ein effektiv forhandlingsprosess vart vanskeleg for den norske regjeringa. Gjennom hemmeleghald av norske forhandlingsdokument og samtidig overseljing av forhandlingsresultatet på landbruk som positivt for landbruket, miste regjeringa tiltru i den offentlege debatten om landbruksavtalen.

Rapporten er eit resultat av intervju med 20 sentrale personar i tilknyting til dei norske medlemskapsforhandlingane med EU på landbruksområdet i 1993-1994. Vurderinga er basert på intervju med representantar for Landbruksdepartementet, Utanriksdepartementet, Europakommisjonen, finske forhandlarar, Norges Bondelag og pressefolk. I tillegg er det studert arkivmateriale og anna litteratur om denne perioden.

For fleire detaljar sjå rapporten Forsøk på å flytte ein koloss. Dei norske medlemskapsforhandlingane med EU på landbruksområdet 1993-94-Innhold.

Kontaktperson: Alf Vederhus, telefon: 22 24 93 46, mobil: 97 67 27 50 og e-post: alf.vederhus[k.alfa]lmd.dep.no.

Se også oversikt over andre forsidesaker.

Publisert 24.01.2007